Der som ingen skulle tru
Mannen bak denne TV-serien, Oddgeir Bruaset, kjem til Sagatun laurdag 16. (Feil dato tidl.i dag!).
![]() |
Oddgeir Bruaset er kjent frå TV-program og han har skrive bøker om fjell,- og fjordgardar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Og no er turen komen til Sagatun i Øvre Surnadal! Laurdag 16. august kjem han og viser bilde og fortel om desse plassane og folket som levde der. Det blir kaffe og bakels samt bøker å få kjøpt. Alle er velkomne til ein interessant og triveleg kveld i Sagatun med flotte bilde og gripande historier. Arrangør er Sagatun Grendahus |

.png)


