Det gode liv i naturen
Møte mellom ein fåggelkar og ein songfåggel
For publikum vart gårsdagens arrangement eit hyggeleg møte med ein fåggelkar og ein songfåggel. Programmet var oppdelt i to sekvensar med song, regler, historier, dikt og munnspel med ein god kaffepause midt i. Og som vanleg hadde lomundalskjerringane dekt reine gjestbaudsbordet med bakels og graut og gode kaker.
Marit song folkeviser og les barneregler, noen kjende og kjære for dei fleste, andre meir ukjende. Dei gamle barnereglene og -songane handlar stort sett om dei nære, enkle ting, om pissikatta, lusa og loppa, fuglen og ekornet som gjekk på vollen og slo.
Både Marit og Nils er naturelskara. - Å vere på fjellet er noko av det likaste eg veit, sa Marit, og at naturen er og har vore ein viktig del av Nils Røv sitt liv, veit vi mellom anna frå fleire fjernsynsprogram.
I Lomunda grendahus snakka han både om natur og ver og deklamerte dikt. Han svippa innom Hans Hyldbakk, Gustav Frøding, Einar Skjæråsen og Inger Hagerup, og innimellom tok han ein slått på munnspel. Alt frå bruremarsj frå Bøverdala, via ein svensk polska til ”E slåttatægja” vart dei lag 40 frammøtte til del.
Kva er lykke, kva er det gode liv? Vi hastar gjennom livet på jakt etter lykka.
”Eg slentrar gjennom livet, ” sa Røv - den som vil oppleve det gode livet naturen kan by på må gje seg tid, stoppe opp, sjå seg rundt og bruke sansane.
Som Jens Zetlitz sa:
Hvor såre lidet vil der til
for lykkelig at være;
et muntert sinn, en piges smil,
en venn, som gjør dig ære,
en hytte, som dig skjule kan,
sundt brød og kildens klare vann,
så megen visdom at du vil
og bruger denne lære.
Eller Einar Skjæråsen:
Og jeg har ingen penger men min fattigdom er god.
Den rike har sitt levebrød den fromme har sin tro,
men jeg har høysang i hver li og kirke på hver mo.
Og kirke på hver mo.
Ifølgje Inger Hagerup er dette lykke:
- Gå på en gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær,
klø sine ferske myggstikk
med doven ettertenksomhet
og være ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet
Vi går mørke tider i møte. Men du er ikkje komen langt ut på nyåret, før du igjen kan høyre den karakteristiske songen til kjøttspikken, og da veit vi at vi går vi mot lysare dager og naturen vaknar til liv att litt etter litt, sa Nils Røv
Songfuglen Marit Løfaldli avslutta ettermiddagen i Lomunda grendehus med vakker song. Salmen Se solens skjønne lys og prakt sette eit verdig punktum for ettermiddagsarrangementet som var støtta av Den kulturelle spaserstokken.
Nils Røv og Marit Løfaldli hygger seg ved kaffebordet
Lomunddalingane kunne by på bakels og graut og gode kaker