IMGP2516

Det handlar om rettferd

Dette er overskrifta på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i år. Konfirmantane i Rindal og Surnadal skal ha ein dør-til-døraksjon i dag tirsdag 12.april. Bygdene er delt inn i roder slik at alle skal få besøk og høve til å dele med dei som er i dagleg nød. Dette fekk konfirmantane i Rindal og Surnadal høre om på torsdag.

 

Vegard Troøyen Foseide hadde sist torsdag  time med konfirmantane etter skuletid på Rindal bedehus. Om kvelden hadde han møte med konfirmantar og foreldre i Surnadal.

Vegard er kommunikasjonskonsulent i Changemaker som er ungdomsorganisasjonenen til Kirkens Nødhjelp.

Les også på kyrkjelydssidene for Rindal og Surnadal! 

 

 

I Rindal bedehus fekk konfirmantane høre at dei hørte med til den rike delen av verda. 5 konfimantar vart kalla fram og fekk utdelt to posar med godteri. Resten måtte sjå på. Slik er fordelinga av godene i verda. Kva ville dei 5 utvalde gjere med godteriet? Ville dei dele? Det viste seg at det ikkje var så vanskeleg der dei stod framfor dei med fulle posar. Men er det like lett å vere med på å dele med dei som vi ikkje står ansikt til ansikt med?

Det er det fasteaksjonen i dag handlar om.

Det handlar om rettferd!


Vil desse 5 dele? 

 

– Over ein milliard menneske lever i ekstrem fattigdom. Urettferd tek menneskeliv kvar dag. I år set Kirkens Nødhjelps fasteaksjon søkjelyset på økonomisk rettferd. Saman kan vi kjempe for ei framtid utan fattigdom.

– Det er kyrkjelydar landet rundt som står for gjennomføringa av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Rindal, Surnadal og Stangvik kyrkjelydar arrangerer aksjon tysdag 12. april, mellom ca kl. 17.00-20.00. 

– Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

  • Om du ikkje får gi då, støtt gjerne aksjonen direkte ved å:
    o Nytte kontonummer 1594.22.87493.
    o Ringje givartelefon 820 44 088 (200 kroner)
    o Sende ein sms til 2090 (100 kroner)

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie! .

IMGP2510
Før alvor og rettferdig deling, fekk rindalsungdommane stille svolten etter ein lang skuledag! Og det var nok til alle!
IMGP2520
Skal vi dele?
IMGP2523
Valget vart enkelt der dei stod og såg kameratane sine i augene
IMGP2513
Lydhør forsamling