Leserinnlegg _200x200

Lesarinnlegg frå Bernt Bøe

Det heiter da Fiskja!

Stadnamnkultur opptek mange – med ulik kunnskap og ulik motivasjon for å meine. Ferskaste dømet er «Fiskja» i øvre Surnadal, der skrivemåten no er hørings- og kommunestyresak. Det skriv Bernt Bøe i eit lesarinnlegg:

Saker som dette handlar om kulturarv og viktige kulturprinsipp. Stadnamna er ikkje private, men det store fellesskapet sin eigedom. Dette gjeld også der stadnamn i ei eller anna form er bruka som slektsnamn. 

Når vi drøftar skrivemåte, må vi legge eit viktig omsyn til grunn: Skrift er i utgangspunktet grafisk notasjon av lyd – av det vi seier. Samtidig må skrifta synleggjera logikken og meininga i orda.
 
Surnadalingen har i alle hundreår sagt «Fiskja». Plassen heiter rett og slett det! Språkleg tradisjon og eigenart i kulturbygda Surnadal er på beste vis representert i dette namnet. Og ingen brukbar skrivemåte kjem nærare sanninga.
 
No vil somme forandre skrivemåten (ikkje sjølve namnet, for det vil enno i generasjonar vera uforanderleg!) til «Fiske». Dette skal, slik ordføraren seier (TK 21.03.13), m.a. vera for å spara ikkje-surnadalingar for ein påstått vanskeleg uttale («Fisk-ja»). Men det er ein merkeleg agitasjon for uhistorisk, språkfagleg amatørmessig og i praksis totalt umuleg språkrevolusjon!
 
Alt i barneskulen lærer vi at skriftspråket skal lesast, ikkje stavast bokstav for bokstav. Blant klassikarane er da lyden «sk/skj» - som vi har i Fiskja. At dialektane landet rundt (medrekna Surnadal) har uttalenyansar som ikkje let seg fange opp av dei 29 bokstavane i standard bokmål og nynorsk, er noko av rikdomen i språkkulturen vår.
 
Surnadalsdialekten er ei perle i norsk språk og har mange eigenarta uttalemåtar som vi med rette er kry av og sjølsagt vil ta vare på. Blant desse er den aksentuerte lokale «sk/skj»-uttalen. (Som når vi syng «No skin ...» i Hyldbakk-diktet «Vårsøg»!)
 
Skal vi fjerne den fagleg korrekte skrivemåten Fiskja fordi turistar kunne tru det heiter «Fisk-ja»? Er Torsken i Troms så ubrukeleg at tilreisande kan tru det heiter Tor-sken? Og skal gudbrandsdalingane omdøpe Skjåk fordi nokon kan lesa det som Sk-jåk?
 
Pressa opptrer som part i saka, som TK 21.03.13: «Nå er det sjanser for at grenda ... igjen skal hete Fiske» og talar om «tilbakestilling av navnet». Som om grenda altså opprinneleg heitte det! Ordføraren påstår i same avis bastant at å skrive Fiskja «blir fremmed og i mange sammenhenger helt feil»(!) Det er nok delte meiningar om kva som er «helt feil» her.
 
Dessverre har embetsmenn i dansketida – utan lokalkunnskap – vrengt skrivemåten av norske namn. Folk frå Fiskja stod dermed i kyrkjebøker og brev med etternamnet «Fiske». Rimeleg nok begynte dei å presentere seg med denne forma – skriftleg og muntleg.
 
Med all respekt for dei mange som (med full rett) skriv seg Fiske: Det er eit historisk og kulturelt overgrep å erstatte det allmenne og gyldige « –vin»-namnet Fiskja (som gjenspeglar både lokal språktradisjon og meiningsinnhald) med skriveforma for nokre familiar i grenda.
 
Nokon lenge før meg begynte å «fordanske» Bø-namnet til «Bøe». Av praktiske grunnar har slekta vår halde fram med å bruke den overflødige e’en sist i namnet. Men ingen av oss kunne finne på å kreve at namnet på heimbygda vår av den grunn skulle skrivast «Bøefjorden»!
 
Bernt Gudrunson Bø(e)
 
ES. Fram til no har Surnadal kommune hatt såkalla «høringsrunde» om saka. Kvifor det - når ordførar og politikarar (TK 21.03.13) alt har bestemt seg for å endre skrivemåten til «Fiske»? DS