Margrethe Svinvik foto Ragne Borge Lysaker

Det står ein ubedd gjest og bankar på. Ordren er å ikkje sleppe han inn.

Dette blir ein kamp der solidaritet og dugnad er våpena. Eg og du skal ikkje vere dei som tek lett på dei strenge råda frå myndigheitene. Å følgje råda er det minste vi kan gjere i denne svært alvorlege situasjonen. Vi må ha tillit til at tiltaka verkar og at dei er absolutt nødvendige.

Det er gjort historisk harde inngrep i samfunnet vårt; skulane og barnehagane er stengde, kultur- og idrettsarrangement er forbode, fritidsreiser bør ikkje gjennomførast. I dag tidleg låg ei rykande fersk lovforskrift om karantene i innboksen min. Det betyr at å ikkje følgje denne, blir rekna som lovbrot. 

For nokre av oss er koronaviruset ein stor helsetrussel og kan vere dødeleg. Vi ser også at mange bedrifter og familiar vil få økonomiske problem som følgje av avlysingar og permitteringar. For dei aller fleste vil kvardagen bli krevjande å få til å gå rundt. Det har ringverknadar for oss alle, anten fysisk, psykisk eller økonomisk.

Kriseleiinga i kommunen har hatt mange møte den siste veka, der vi har planlagt og rigga oss for det som kjem. Andre kommunar er ramma hardare og vi vil bidra med hjelp på tvers av kommunegrensene der vi kan. Eg er trygg på at vi greier å levere gode tenester framover, og vi opplever stor samarbeidvilje frå tilsette og brukarar av tenestene våre. Det er eg glad for. 

Det vi veit er at dette ikkje går over på 14 dagar, det er heller snakk om fleire månader, halvår, kanskje opptil eitt år. Vi veit også at dette vil bli ei stor belastning for helsetenestene våre her i kommunen og på sjukehusa. Helsepersonell er frontkjemparane våre i denne kampen, men treng no all slags støtte og hjelp for å greie å gjennomføre det som ligg framom oss. All honnør til dei!

Mange tek kontakt med meg om både tips, bekymringar og spørsmål, det sett eg pris på. Eg blir og stolt og takknemleg av å sjå og høyre om alle dei som gjer ein ekstra innsats for andre.

Eg følgjer utviklinga frå time til time. Ingen er så langt påvist smitta her i kommunen vår. Fleire er, og har vore, i karantene, og vi har fleire som er testa og ventar på svar. No gjeld det å utsette smitten og skjerme dei sårbare frå smitten. Det gjer vi med å vere minst muleg i kontakt med andre, halde avstand, hoste rett, desinfisere og vaske hender.

No må alle vaksne og unge som ikkje er i risikogruppa stille opp som myndige dørvakter og avvise viruset på trappa. Da står vi han av!

Ta vare på kvarandre – saman er vi sterke!


Margrethe Svinvik
Ordførar i Surnadal kommune

 

Foto: Ragne Borge Lysaker