
Tørsåslødag med sportsandakt og Telenorkarussell
Det utvida kulturbegrepet
Det har vorte tradisjon i Rindal at IK Rindals-Troll og kyrkjelyden går saman om ei samling på Tørsåsløa i Tørsetmarka ein søndag i mars. Samlinga i dag vart ei av dei mest vellukka med mykje folk, vindstilt og fin temperatur, sjølv om sola ikkje kom heilt igjennom. Preketekst, bilde og litt til finn du nedafor! Nytt: Deltakarliste!
Etter at Johan Landsem frå IK Rindals-Troll hadde ønska velkommen, tok sokneprest Lene Gåsvatn og kantor Daniel Bjørlo over og leda oss gjennom sportsandakten. Du kan ta fram andakten og lese den her: Den kanaaneiske kvinnen.
Johan Landsem og Oddbjørn Heggem tok så over regien og organiserte det tredje og årets siste i Telenorcup.
Til saman har 70 unge delteke i dei tre Telenorrenna i år. 46 deltok i dagens renn, og utdeling av premier fra sponsoren var dagens høgdepunkt for mange!
Heile dagen gjekk vaffelpressa og kaffetraktaren, styrt av dyktige dugnadshender.
Mange nytta også dagen til å ta seg ein tur vidare innover etter det fint oppkjørte sporet.
Til saman gjorde alt dette dagen til ei fin og avstressande oppleving for oss andre.
Her kan du laste ned deltakarliste i Telenorkarusellen denne dagen!
Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!