Dialekt att

Anne Skjølsvold melder: Etter at dialekt vart tema på Porten, tok eg fram “Ei lita utgreiing um stavingsdeling i rindalsmaale”av Eilert Moe, utgjeve i Kristiania i 1914. Her kan ein finne både ord og uttrykksmåtar som er på veg ut, som det kan vere greit å bli påmint, og andre som eg vil tru er borte.
Nokre eksempel:

E kom den føst = Eg kom først
De va han som kom den sest = Det var han som kom sist
De var Pe`n va eitte = Det var Per han heitte
Det gjerre innin go `
Det ha ittj gjort nån go` = det ha ittj vårre vert
-som sume (eldre) folk plar koma med når dei skal attåt bordet i eit framant hus
( “Det gjør ingen gode at jeg våkner mer” Fra Holbergs “Den politiske Kandestøber”)
Så treft`n te å kom, han å e sommå væun - medan vi heldt på med dette
Dem tærkjent se = Dei snakka med grovt, ukjennelig mål for å gjere seg ukjenneleg
Å foillfælj se = Å halde seg i rollen, vere konsekvent
De læta på = det er anstrengende
Hu liv/ hu kar = mykje til liv /kar
                - E he alder hørt nå huar
                - Han lyt få vårrå den huast, han
                - Det vart hu vinter (full vinter) med æn gong
Klokka fløte = klokka går for fort
- Æn fløte seg me å ga bænvægen

Men kva betyr “å dæl”?
- Kalln gjekk og dælt
- Han dælt på gutongan
- Dælt`n på dem?                         ( Eg har ikke peiling )

Et "visdomsord" til slutt:
- De e i otiå at høna mig