Dialekten forandrer seg

Anne Skjølsvold skriver:
- Eit lite ”studium” for spesielt interesserte:

Rindalsdialekten har fasinert meg frå eg byrja å bli kjent med rindalingar for vel 40 år sidan. På den tida gjekk eg norrønlina på Follo, og hadde gammelnorsk på timeplanen dagleg. Rindalsdialekta  var ei rik og flott dialekt som enda da hadde alle kasus i bruk. I orkdalsdialekten forsvann dette med min generasjon. No høyrer vi at ungar og ungdom , ja vaksne til og med, som  har vokse opp her i bygda og har rindalingar til foreldre, brukar kasusa feil, så det er nok på veg ut, her òg. Og det gjer at  rindalsdialekten blir fattigare, dessverre.

Det hender eg må konsultere ”min bedre halvdel”, Svein, i språkspørsmal  i rindalsdialekten. Det gjorde eg da eg høyrde følgjande setning på ein rindalsrevy for nokre år sidan: ”Han he kråjje åt korsa”. (Han har krope til korset). Denne forma ”kråjje” skurra i ørene mine, og spørsmålet vart så: - Heiter det verkeleg ”kråjje” på rindaling.  -Nei, var svaret, - det heiter ”krøe”.  Verbet å kry skulle altså bøyast slik: Å kry -  kry - krau - he krøe.

Dette vart så lufta på min tidlegare arbeidsplass, Ullkorga. Der var det kvinnfolk frå alle delar av bygda, i alle aldrar frå 20 til 60 år. Til mi store overrasking meinte alle desse at dei hadde kråjje før dei lærte å gå. Og dei meinte at det var det rette.

 Dette vart interessant. Eg måtte konsultere andre, solide ”innfødde”. Til denne gruppa reknar eg mellom andre:

-          Ho Gunvor og han Ola Synnaholta som begge hadde krøe. - Han Ola hadde ofte lie på firafotå og krøe, sa han.

-          Han Jon Kristian nepå Øverlanda hadde nyleg krøe seg inn tu fjøsa da eg ringte. ”Kråjje” karakteriserte han som ”banspråk”.

-          Ho Ragnhild Bolme hadde òg krøe, men ho kom i hug at mor hennar hadde retta på henne da ho som barn hadde prøvd seg med ”kråjje”, og at mora hadde sagt: - Det heiter ”krøe”

Endskapen på dette var å sette opp eit  skjema over alle verb eg kom på som sluttar på – y i rindalsdialekten og bøye desse.  Eg fann to måtar:

 

1.      å  sy      sy           sau         he søe  (sy = koke)

å kry      kry          krau       he krøe

å by       by           bau        he bøe

 

2.       å spy     spy         spydd   spydd

å sky      sky         skydd    skydd   ( Eks: ”Sky som pesten”)

(her blir sk-lyden uttala ”stj”)

 

Men så har vi  noen verb som sluttar på – yg. Dei bøyer vi på denne måten:

3.    å syg      syg         søg        he såjje  

   å smyg   smyg      smøg     he småjje

   å lyg       lyg          løg         he låjje

   å flyg      flyg         fløg       he flåjje

 (her blir ø-en uttala som ein mellomting mellom a og ø)

Min teori og konklusjon på dette uhøgtidelege og ikkje særleg vitenskapelege studiet blir:

Opphaveleg  vart verbet bøygd slik:

 Å kry – kry – krau - he krøe

Men så har nokon, (og det starta sikkert med ungar) ein gong, truleg for  50 – 60 år sidan, byrja  å bøye verbet slik:

 Å kry – kry - krydd - he kråjje.

Altså: preteritumsform som gruppe 2 og perfektumsform som gruppe 3.

Dette har så vorte meir og meir utbreidd. Kva som er mest bruka i dag er ikkje godt å si, det er kanskje fifty-fifty, men det ser ut til at forma ”kråjje” er den som tek over.  Språkfolk hevdar at det er  naturleg at språket  forandrar seg heile tida, og at det er noko ein berre må finne seg i. Og dette er  vel  berre eit eksempel på korleis det skjer.

Men enn om det same skulle skje med verba ”å sy” og ” å by”?

Da ville vi kanskje få høyre: ”No he supa stått å såjje på omna i hæle dag”

Og : ”E he båjje me te å vårre me å hjølt te”

Kva dåkk tru?

Ingbrigtslia 2. februar  2008
Anne Skjølsvold