
Dialekten forandrer seg
Anne Skjølsvold skriver på "gammel-Porten" 3. februar 2008: - Eit lite ”studium” for spesielt interesserte. Nye Trollheimsporten foretsetter å legge inn stoff fra gammel-Porten om Dialekt, som du finner ved å klikke på linken under Hovedsida.
I tillegg i dag tek vi med eit lite ord frå Rindal av Geir Allan Sæter, litt av en spove av Harald Egil Folden og dyre- og folkenamn ved Lars Gudmund Røen. Du finner alle sakene om Dialekt her og dialektprosjektet til Sverre Hatle på heimesidene til Surnadal kommune finner du her.
Først til Anne Skjølsvold:
Dialekten forandrer seg
03.02.2008
Anne Skjølsvold skriver: - Eit lite ”studium” for spesielt interesserte:
Rindalsdialekten har fasinert meg frå eg byrja å bli kjent med rindalingar for vel 40 år sidan. På den tida gjekk eg norrønlina på Follo, og hadde gammelnorsk på timeplanen dagleg. Rindalsdialekta var ei rik og flott dialekt som enda da hadde alle kasus i bruk. I orkdalsdialekten forsvann dette med min generasjon. No høyrer vi at ungar og ungdom , ja vaksne til og med, som har vokse opp her i bygda og har rindalingar til foreldre, brukar kasusa feil, så det er nok på veg ut, her òg. Og det gjer at rindalsdialekten blir fattigare, dessverre.
Det hender eg må konsultere ”min bedre halvdel”, Svein, i språkspørsmal i rindalsdialekten. Det gjorde eg da eg høyrde følgjande setning på ein rindalsrevy for nokre år sidan: ”Han he kråjje åt korsa”. (Han har krope til korset). Denne forma ”kråjje” skurra i ørene mine, og spørsmålet vart så: - Heiter det verkeleg ”kråjje” på rindaling. -Nei, var svaret, - det heiter ”krøe”. Verbet å kry skulle altså bøyast slik: Å kry - kry - krau - he krøe.
Dette vart så lufta på min tidlegare arbeidsplass, Ullkorga. Der var det kvinnfolk frå alle delar av bygda, i alle aldrar frå 20 til 60 år. Til mi store overrasking meinte alle desse at dei hadde kråjje før dei lærte å gå. Og dei meinte at det var det rette.
Dette vart interessant. Eg måtte konsultere andre, solide ”innfødde”. Til denne gruppa reknar eg mellom andre:
- Ho Gunvor og han Ola Synnaholta som begge hadde krøe. - Han Ola hadde ofte lie på firafotå og krøe, sa han.
- Han Jon Kristian nepå Øverlanda hadde nyleg krøe seg inn tu fjøsa da eg ringte. ”Kråjje” karakteriserte han som ”banspråk”.
- Ho Ragnhild Bolme hadde òg krøe, men ho kom i hug at mor hennar hadde retta på henne da ho som barn hadde prøvd seg med ”kråjje”, og at mora hadde sagt: - Det heiter ”krøe”
Endskapen på dette var å sette opp eit skjema over alle verb eg kom på som sluttar på – y i rindalsdialekten og bøye desse. Eg fann to måtar:
1. å sy sy sau he søe (sy = koke)
å kry kry krau he krøe
å by by bau he bøe
2. å spy spy spydd spydd
å sky sky skydd skydd ( Eks: ”Sky som pesten”)
(her blir sk-lyden uttala ”stj”)
Men så har vi noen verb som sluttar på – yg. Dei bøyer vi på denne måten:
3. å syg syg søg he såjje
å smyg smyg smøg he småjje
å lyg lyg løg he låjje
å flyg flyg fløg he flåjje
(her blir ø-en uttala som ein mellomting mellom a og ø)
Min teori og konklusjon på dette uhøgtidelege og ikkje særleg vitenskapelege studiet blir:
Opphaveleg vart verbet bøygd slik:
Å kry – kry – krau - he krøe
Men så har nokon, (og det starta sikkert med ungar) ein gong, truleg for 50 – 60 år sidan, byrja å bøye verbet slik:
Å kry – kry - krydd - he kråjje.
Altså: preteritumsform som gruppe 2 og perfektumsform som gruppe 3.
Dette har så vorte meir og meir utbreidd. Kva som er mest bruka i dag er ikkje godt å si, det er kanskje fifty-fifty, men det ser ut til at forma ”kråjje” er den som tek over. Språkfolk hevdar at det er naturleg at språket forandrar seg heile tida, og at det er noko ein berre må finne seg i. Og dette er vel berre eit eksempel på korleis det skjer.
Men enn om det same skulle skje med verba ”å sy” og ” å by”?
Da ville vi kanskje få høyre: ”No he supa stått å såjje på omna i hæle dag”
Og : ”E he båjje me te å vårre me å hjølt te”
Kva dåkk tru?
Ingbrigtslia 2. februar 2008
Anne Skjølsvold
Ord fra Rindal
03.02.2008
- Når e legg me, så e d så gått me ei stor hauputvår?? skriver Geir Allan Sæther.
Litt av en spove
03.02.2008
Harald Egil Folden skriver: Har sett debatten om lokale navn, bl.a. på fugler. Alfred Karlstrøm skrev dette om storspove og småspove: "... de går oftest under fellesnavnet "langkakkspove"." Her på Børset har vi alltid sagt "langkakkspove" om storspoven. Når vi gikk til hytta vår på toppen av Børsetlia, møtte vi småspoven på myrene der oppe. Far kalte den for "småkakkspove", men om det var hans private betegnelse eller et lokalt artsnavn som var i bruk, vet jeg ikke.
Dyre- og folkenavn m.m.
03.02.2008
Lars Gudmund Røen er på banen igjen og kommenterer litt av hvert av andres innlegg om rindalsdialekta. Han har også ei liste over personnavn:
Fukje tror jeg er bruka om noe som er i ferd eller har blitt ødelagt av fukt, for eksempel mjøl.
Tander er en ting eller person som er svak mot påkjenning.
Svangainn er overgangen fra bakfot til buk/side på et dyr,- tilsvarende lysken på mennesker.
Hummulspota er ei nøtt. Har en mistanke om at det er beslekta med kalbota som er baksida av kneet. Foreslår derfor at det kan være armhula eller framsida av albuen (”hanbåggån”).

.png)

