Dialektorda hans Magnar

I lista si over dialektord (fra 2.2.) hadde Magnar Almberg nederst noen som han utfordra leserne til å finne betydningen av.
Anne Skjølsvold prøver seg:

Prøver meg på dialektorda hans Magnar, sjølv om eg ikkje er "innfødd"
 
Samalle er eg usikker på, men tippar det skal vere "samhaldet", som er øvste langstokken i tverrveggen på eit tømmerhus
Jælk er ein vallak, eller kastrert hest
Vekarre = hakkespett
Rempleng er ein stor kalv, kanskje årsgammel
Frøkjin kost er søt, og gjerne feit mat. 
Å kost tippar eg skal vere i eitt ord, åkost, som er jamning som du har i sausar og super for at dei skal få ein tjukkare konsistens.
Vemmelt = kvalmt
Fukje. Usikker her, men eg trur du blir fukjinn i moinna når du et heggbær, for eksempel
Tander. Viss det er verbet å tander (tandre) du meiner, betyr det vel skjennast eller bruke munn. Eks: "Ti still, no! Ittj stat son å tander !"
Mjenn - mjenna. Må melde pass her
Avåt er smågnagarar, mus og rotter
Åt er ei fellesbetegnelse for stikkande insekt; mygg, knott, klegg, blenning osv.
Svangain på kua og hesten t.d. er framom låra, der det svingar inn mot magen.
Hummulspota trur eg skal vere hummulsbota, som er det same som kalvbota (uttala kal-bota med tjukk l), - baksida av kneet, knehasen. Her i huset seier dei kalbota.
 
Vart det mang rett?