Stjernekolonien

Digitalt familiespel

Medietilsynet har utvikla eit nytt digitalt familiespel som skal vere med på å auke den kritiske medieforståinga hos barn.
– Eitt av tre barn får den første mobilen sin alt før dei fyller åtte år. Derfor er det viktig å snakke med barna om den digitale kvardagen frå tidleg alder, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Det nye spelet som Medietilsynet lanserer skal styrke den digitale dømmekrafta hos barnet.

I spelet «Stjernekolonien» møter vi Luna og Noah på sju år. Dei lever i ei digital verd som er til forveksling lik vår eiga verd. Vi møter mellom anna det sosiale mediet «Spacebook» og dataspillet «Månesverdet».

Gå til sidene til Medietilsynet og les meir om dette digitale familiespelet.
Der kan du også laste ned spelet "Stjernekolonien" og prøve det i familien.

Det er viktig å vere oppteken av at ein brukar data på ein trygg måte. Det blir vi særleg minna om i desse dagane.