
Direktøren dokumenterer hotellhistorie
Hotelldirektør Bergsvein Brøske fotograferte ivrig da arbeidet med brua som skal binde saman Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus, pågikk for fullt i ettermiddag. - Dette er historisk arbeid, sier Brøske fornøgd.

Tirsdag kom den første av dei tre bruføtene til passasjen Vengespennet til Skei, der monteringa skal gjerast denne og neste veke.
I dag, onsdag, kunne surnadalingane for alvor sjå dei synlege resultata av det omfattande arbeidet med passasjen. Gangbrua over til kulturhuset, der hotellresepsjonen skal vere, er ein del av ombygginga av Vårsøg Hotell, som totalt vil koste nærare 100 millionar kroner.
"Vengene" på gangbrua, som er laga av Rindals-firmaet A. Kvam, kjem i neste veke.
På heimesida si har firmaet lagt ut bilder frå onsdagens arbeid med å montere gangbrua. Sjå bilda her.
Firmaet presenterer også bilder av produksjonen av vengene som skal vere utanpå gangbrua. Sjå desse bilda her.

.png)

