Baneåpning Øye 5_350x233

Dirigentstøtte til skulekorpsa

Formannskapet i Surnadal har fordelt dirigentstøtte til skulekorpsa i kommunen. Stangvik skulekorps får 8750 kroner for våren 2010, Mo skulekorps får 26.250 kroner og Surnadal skulekorps får 35.000 kroner. Politikarane håpar at korpsa kan finne saman på eitt eller anna vis slik at det blir skulekorps også i åra framover, skriv Tidens Krav.

Korpssituasjonen i Surnadal er per dag dato slik: Surnadal skulekorps (bildet) har 18 medlemmer i hovudkorpset, 5 i drill og 4 aspirantar, medan Mo skulekorps har 6 barn og 7 vaksne i hovudkorpset og 6 aspirantar. Stangvik skulekorps hadde fellesøvingar med Mo fram til sommarferien.

Stangvik skolekorps er ikkje lengre i drift fordi det ikkje er nok frivillige til å halde hjula i gang der. Medlemmane der har tilbod frå begge dei to andre korpsa om å vere med der. Både tidlegare kulturleiar og rektor ved kulturskulen har vore i mange samtalar med korpsa, med mellom anna forslag om fellesøvingar. Forslaget om fellesøvingar vart ikkje tatt til følgje.

Mo og Stangvik har praktisk talt fungert som eit korps, med felles dirigent, men dei har hatt delt økonomi. I 2010 har ein den situasjonen at dei har hatt fellesøving i vårsesongen, men frå i haust er det altså ikkje drift i Stangvik skolekorps.

For seinare år vil dirigentstøtta på 70.000 kroner delast mellom dei to attverande korpsa med 50 prosent til kvar.