Diskriminerer vi morsmålet vårt?
21. februar var «Morsmålsdagen». Rundt den er det naturleg å opplive noko som synest å drukne i alle ytringane om skrift og språk i media og mann og mann imellom. Kanskje er det på tide å gå til kjeldene?
Språket, talen, kommunikasjonen mellom menneske fanst lenge før runer og bokstavar. «Skrifta» som kom, er i prinsippet grafisk notasjon av dei lydane, bokstavane, orda og setningane vi talar. (Altså ikkje omvendt - at det vi seier, må rette seg etter «skrifta»)!
Mykje kan seiast for og imot «sms-språket» vi brukar på mobilen. Det liknar ofte «lydskrifta» i gammal engelskundervisning og kan lett forkludre sjølve meininga. Men det har det positive trekket at ein da prøvar å formidle talen sin, dei verbale uttrykka. Ein vil at mottakaren skal «høre» det «seier». Og: For oss på våre kantar (og i store delar av landet) er det udiskutabelt at denne «muntlege» skrifta ligg nynorsken nærast - vi kunne vise eksempel i det uendelege.
Eg har den radikale tanken at arbeid med «sms-språket» også i skulen kunne fått fram samanhengen mellom lokal daglegtale og skriftspråk - som opning for at ungane får uttrykke sitt innebygde talemål også på papiret. Vel vil ein da ofte koma på kant med ordlista, men det kan i sin tur auke forståinga av at vi treng normert språk.
No er det somme som meiner at skriftspråk av vesen er noko anna enn talemål – «man tager sin Pen udi Haand». Og da har bokmålet dominansen; det er jo det vi ser (langt meir enn vi hører!) overalt.
Vil ein derimot uttrykke «seg sjøl» og bruke den nedarva språkskatten vi kallar «morsmålet», kjem ikkje vi nordmøringar (og mange, mange andre) utanom at det er nynorsken som samsvarar best med det vi seier. Og for ein skatt av ord og uttrykksformer vi da har å ause av!
Det er pussig å sjå naboar skrive «Jeg skal hjem og spise» når vedkomande naturleg ville ha sagt «Eg skal heim og eta» (her ført i normert ikkje-lydskrift). Og kvifor må vi bestille «bredbånd» hos Svorka når det er «breiband» vi er ute etter?
I unge, forelska år skreiv eg brev til henne eg seinare vart gift med. Som student veksla eg eit par gonger mellom hovudmål og sidemål. Men ho lærte meg ei klok lekse som eg gjerne deler med andre frå mine kantar som vil at skriftspråket skal klinge så personleg og ekte som muleg: - Det er når du skriv nynorsk at eg synest eg hører stemmen din!
Bernt Gudrunson Bøe