001_1024x683

Diskusjon om sentrumsplanen

Budsjettet for 2012 og økonomiplan for 2012 -2015 vart behandla av formannskapet i Surnadal onsdag ettermiddag. Formannskapet var stort sett fornøgd med framlegget dei hadde fått seg forelagt, og meinte Surnadal økonomisk sett er i ein gunstig situasjon samanlikna med mange kommunar rundt seg. Dei hadde likevel ein del kommentarar til budsjett og pengebruk i åra som kjem. Sentrumsplanen var eitt av dei mest kommenterte punkta på investeringsbudsjettet.

Frå venstre rådmann Geir Vikan, ordførar Mons Otnes, Lilly Gunn Nyheim, Oddny Elisabet Hoem og Jonny Melkild under formannskapsmøtet 16/11. Foto:Norunn Holten

Bernt Venås (Sp) etterlyste meir handlingsrom i økonomiplanen. Han likte dårleg at så mykje av midlane alt var bunde opp når saka kom til behandling i formannskapet. -Eg tykkjer handlingsrommet er så lite. Nesten alle år er fullbooka med investeringar. Eg tykkjer det er ein litt ubehageleg situasjon, sa han. Han trekte fram som eksempel at han ikkje fann noko om bustadtomter i øverbygda i planen. –Skal ikkje dei ha boligtomter? spurte han. Han peika også på at det snart er venta utgifter på omtrent 3 millionar for å få restaurert Åsskardkyrkja. Han meinte det vesle handlingsrommet hadde si årsak i ein dyr sentrumsplan. - Eg er skeptisk på å bruke så mange pengar på denne planen som vil fortrenge så mange prosjekt, slutta han. I investeringsbudsjettet for perioden 2012 til 2015 er det kalkulert med ein total kostnad på 37,9 millionar kroner til sentrumsplanen. På toppen av denne summen kjem også grunnerverv.

Rådmann Geir Vikan advarte likevel mot å utsetje sentrumsplanen. Han viste til at både Coop Mega og andre store aktørar no ventar med større investeringar i påvente av at planen blir realisert. Lilly Gunn Nyheim (Ap) gav også sentrumsplanen støtte. –Eit sterkt sentrum gir sterke bygder, det er ikkje noko enten-eller, meinte ho. Ho greip også fatt i spørsmålet om bustadfelt i øvre Surnadal som Bernt Venås hadde reist. Oppi Høgmoen er grunn oppbunde på grunn av tidlegare planar om å leggje vegen over Vindøla høgare opp. For å få tomter i øvre Surnadal anbefalte ho derfor å prøve å få frigitt denne grunnen.

Jonny Melkild (Ap) tykte også sentrumsplanen var dyr, og peika på at det ikkje var avsett pengar til dette dyre prosjektet på førehand, slik det for eksempel var blitt gjort i samband med oppføring av Kulturhuset. Han fremja derfor forslag om at kommunen måtte sjå seg om etter finansieringspartnerar for å få ned kostnadane til gjennomføringa av planen. Dette fekk han eit einstemmig formannskap med seg på.