Drama og musikk fra kulturskolen
Drama og musikk prega sommaravslutninga i kulturskolen i går kveld. Kunstfagelevane si utstilling var nettopp tatt ned, men resten av elevane fylte Attanova med artige revynummer og flotte musikkinnslag. Det fortel ein imponert Torbjørn Larsen, rektor ved Kulturskolen på Indre Nordmøre til Trollheimsporten.
Dramaelevane har laga egne revynummer i vår og heile åtte av desse vart vist fram i går. Vi må nok innrømme at enkelte poeng var litt avanserte for den eldre del av publikum, men du verden kor flinke dei er på scena.
Stor framgang
Silvio Krauss sine elever på Keyboard og piano viste flott utvikling sida forrige konsert. Abba er tydeligvis i vinden enno. Arnt Eggen og Pål Sande (vikar) har undervist fire elevar i samspel i vår. Dei bidrog med fine nummer med song, fløyte, trommer, gitar og bass. Alex hadde med både enkeltelever på gitar og The Relatives med venner.

Til venstre: Den redde krokodillen vart framført av Ida Kaspara Hyttebakk. Det er ikke lett å være krokodille med sceneskrekk når ho plutseleg finn ut at ho står på scenen. Til høyre: Levi Magnussen kan meir enn å fiske storlaks. Her i samspill med Silvio Krauss.

The Relatives består av Jonas Nergård Tørset, Jostein Landsem og Simon Kattem. Dei hadde hjelp av vennene Reidun Kristine Grytbakk og Lone Lorgen.

Til venstre: Ingrid Trønsdal var spent før ho gjekk på scenen, men smilet kom fort fram da Alex starta med sine musikalske ablegøyer. Til høyre: Jonas Nergård Tørset og Romund Blakstad er stødige musikanter.

Fellesbilde av alle aktørane.
Alle foto: Torbjørn Larsen.

.png)