Drifta av skimuséet sikra
I dag fekk Rindal Bygdemuseum ein gladbeskjed: I tilskotsbrevet for Statstilskott 2014 til Nordmøre Museum står det at kr. 800 000,- er realauke i tilskotet for å gje rom for drift av Skimuséet i Rindal.
Dette er ein stor dag for muséet i Rindal, seier museumsstyrar Kari-Elin Bolme Løfaldli med stor glede i stemmen.
Rindal får no eit heilårsdreve museum med sikra fagleg drift framover. Vi kan sjå fram mot ei spennande åpning under Kulturvøkku 2014!
Glade museumsvenner på årsmøtet i venneforeninga fekk ei antydning av denne meldinga i går, men i dag kom det skriftleg.