Brass og kveding i Stangvik:
Drømmekonsert i sommarkvelden
TrollheimsBrass og Gro Kjelleberg Solli lovar ein vakker og variert sommarkveld i Stangvik-kyrkja søndag. Blåsarane kjem frå bygdene rundt Trollheimen, kvedaren Gro opprinneleg frå Angvika.
Utanom kjenningslåta «Båhus Bataljon» spelar blåsarane både «Trondhjæmsnatt», folkelege perler frå Tyrol og Nordmøre - medrekna den sunndalske godbiten «Vaaraften under Skorgfaldet» og Fliflet Bræins «Ut mot havet». (Hør for deg Bræin-slageren klingande gjennom kyrkjedøra og utover fjorden i junikvelden!) Mykje av programmet er inspirert av liknande bandtradisjon i Østerrike.
Bildet t.h.: Gro Kjelleberg Sollid – tradisjonsberar med norsk mesterskap i kveding.
Gro Kjelleberg Solli, dobbel norgesmester i kveding, bur no i Os i Østerdalen. Men ho fører vidare det beste i nordmørsk folketonekunst – no også med sin nye 11-strengars lyre! Ho er dessutan solist med blåseensemblet.
Leiar i TrollheimsBrass, Bjørn Stomsvik, fortel at gruppa tidlegare heitte «Sundalens StorBlæser Ensemble» og består av musikarar frå Sunndal, Surnadal, Rindal og Meldal. Dei har gjeve søndagens program det lokkande namnet «Drømmekonsert».
På det øvste bildet ser vi fire av dei i alt ti som byr på «Drømmekonsert» - her ved eit tidlegare høve i Stangvik kyrkje. Frå venstre Bjørn Stomsvik, Eli Berg, Sigfred Gravvold og Erik Berg.
Bernt G. Bøe