
Du mitt Nordmøre 2012
Boka er eit dugnadsprosjekt med bidrag frå mange ulike forfattarar, nokre profesjonelle, andre amatørar. Det er stor spreiing i alder og interesser hos dei som skriv og dei som les. Nokre bidragsytarar har vore med i mange år.
Vi kan nemne mellom anna Tor Erik Jenstad, Ola Stemshaug, Bernt Bøe, Svein Sæter, Eldrid Lausund, Dag Tore Straumsvåg, Torolv Løset, Ottar Roaldset, Sverre Hatle. Andre er nye i Du mitt Nordmøre. Odd W. Williamsen i Kristiansund fortel om Nikolay H. Knudtzon III, ein særs viktig mann for samfunnsbygginga og næringslivet i si tid. Ola T. Heggem skriv om Rindal og rindalingene sin situasjon i grenseland, eit særs aktuelt stykke.
Vetle Wang Solheim frå Smøla var med på å starte Ungdommens Nasjonalforsamling, han fortel om dette i teksten «Dei unge borgarane av Grenseland». Øyvind Wæraas skriv om korleis han lærte seg serbokroatisk språk og reiste til gamle Jugoslavia. Han har også omsett eit dikt frå serbisk til norsk.
Hovudtemaet i år er OVER GRENSER. Vi har stoff frå nesten alle kommunane på Nordmøre. Tor Helge Gravem fortel meir frå hytteboka på Grøvudalshytta og om korleis ein moskus faktisk gjekk laus på ei ku på setra der. Skummelt barndomsminne! Gamle bilde har han også funne fram til. Ein annan tekst vi gjerne vil framheve er intervjuet som Astrid A. Aubert har gjort med ein uvanleg grensekryssar, organisten og komponisten Alexey Kurbanov som bur i Aure, men som kjem frå Novgorod, ein by som mange av oss hugsar frå historia om vikingtida.
Du mitt Nordmøre 2012 har vore så heldige at vi fekk ein lang artikkel om Magnhild og Erik Almhjell, illustrert med foto. Det er Helge Husby som fortel om dei. Ottar Roaldset skriv meir om Peder Halsbog frå Tustna, om korleis han vart sjømann og om opplevingar han hadde den første turen han reiste ut. Bør lesast!
Du mitt Nordmøre 2012 inneheld mange dikt, forteljingar, biografiar, stoff om språk og dialekt, pluss mykje anna stoff som vi håpar vil interessere den som les. Vi trur at artikkelen av Edvard Mogstad om dei norske stadnamna i Gislasoga vil få fleire enn oss i skriftstyret til å leite fram att den vesle boka om Gisle Sursson frå bokhylla. Sjå dette stoffet i samanheng med Ola Stemshaug sin artikkel i Du mitt Nordmøre 2011! Vi vil også spesielt peike på diktet «Grenser» av Randi Skrøvset Hatle, der ho set fokus på andre grenser enn dei vi lett kan sjå. Skriftstyret i år er Tor Helge Gravem frå Sunndal, Astrid A. Aubert frå Kristiansund og Ingrid Kjønnøy frå Averøy. Vi takkar alle som har sendt oss stoff.
I denne omtalen er det ikkje plass til å skrive om alle! Fleire tekstar vart det ikkje plass til dette året, så dei ligg på venteliste til neste år.
Med helsing frå Ingrid Kjønnøy - leiar i skriftsryret.