dumitt nordmøre foto DRIVA Har fått tillatelse til bruk

Annonse:

Du mitt Nordmøre 2019 er i handelen

Årets Du mitt Nordmøre, nr. 54 i rekka, er no lagt ut for sal. Eit fornøgd skriftstyre kan leggje fram ei fyldig bok på nesten 200 sider med mykje aktuelt stoff frå alle delar av nordmørsregionen.

Bildet over: F.v. Astrid A. Aubert, Rolv Sæter og Ingrid Kjønnøy (Foto: Driva)

Eit hovudpunkt i år er spørsmålet om nordmørsidentitet i ei tid der kommunar blir slått saman og fylkesgrensene blir endra. Soleis bidreg ordførarane i Eide, Rindal, Halsa og Gjemnes med kvar sin lille tekst om lokal tilhørigheit og kva det vil seie å vere nordmøring. Kor går vegen vidare?

Bunadsgeriljaen har medverka til at vi ikkje lenger ser bunaden berre som eit festplagg. Vi omtaler ein allsidig bunadsentusiast (frå Rindal), to jordmødrer og båten som bunadsgeriljaen brukte.

IMG_6027.jpg

Fotballstoff er det og: Vi gjer stas på fotballjentene frå Sunndal, og på ungdomsskuleelevane som har skrive om dei.

Vi gler oss over å presentere to flotte innvandrarkvinner i Aure. Ein kan vidare lese om vikingar i Averøy, namnestriden Fosna - Kristiansund, folkerøystinga om brennevinsforbod i 1919, og mykje anna: Personlege skildringar, interessante personlegdomar, blomstereng og kulturlandskap, villsau og nyvinning for beitedyr, - og her er både musikk og mange fine dikt.

Dessutan har vi med eit storveges dialektkåseri frå Surnadal, der vi legg ut ein lydlink på heimesida til Nordmøre Mållag.

Vårt ynskje er at Du mitt Nordmøre 2019 skal bidra til å syne omverda at nordmøringane er sterke og har mykje å fare med. Saman held vi nordmørsidentiteten levande!

Det er Nordmøre Mållag som står for utgjevinga. Framsidebildet viser landslagspelar Guro Reiten frå Suundal, og på baksida kan vi nyte ein solnedgang på Atlanterhavsvegen.


Du kan få kjøpt boka for kr. 200 i bokhandlane i Kristiansund og andre stader på Nordmøre. I mange bygder blir boka som vanleg selt på døra. Du kan også få kjøpt ho ved å ta kontakt med salsansvarleg Nils Ulvund. Han har e-postadresse nils.ulvund@gmail.com .


Ei perfekt julegåve til deg sjølv og andre!

IMG_6030.jpg
Unni Irmelin Kvam er og med i boka.
 

A. Innhaldsliste

B. Føreord

1. Astrid Hindhammer: Du, mitt Nordmøre (dikt)

2. Egil Strand: Tankar kring nordmørsidentitet og tilhørigheit

3. Ola E. Rognskog: Nordmørstankar frå Halsa ved fylkesbytte

4. Surnadal endeleg på verkartet

5. Ola T. Heggem: Rindal i Trøndelag

6. Hans Hyldbakk: På Rindalsskogen (dikt)

7. Knut Sjømæling: Nordmøre og vegen vidare

8. Astrid Hindhammer: Her eg bur (dikt)

9. Kirsti Orheim Ås: Frå den store vide verda til Mjosundet i Aure

10. Dag T. Straumsvåg: Morgonfase (dikt)

11. Anita Land: Nordmøre i Alaska

12. Astrid A. Aubert: Arabisktalande bunadsentusiast og ølbryggar

13. Svein Sæter: Best i bunad

14. Randi Botten: Jordmor Margrethe Witzøe

15. Ingrid Kjønnøy: Jordmor Andrea Sundet

16. Astrid A. Aubert: Høvedsmann – Historia om aksjonsbåten

17. Sunndal U-skule, klasse 10A: Det blømer i jentefotballen i Sunndal

18. Øyvind Rangøy: Til den vakraste jenta i åttande klasse (dikt)

19. Rolv Sæter: Nofence – Det usynlege gjerdet

20. Per Halse: Villsau på Smøla

21. Kjellaug Brørs: Fjelltrimmen 2018

22. Øystein Folden: Blomsterenga, biene og kulturlandskapet

23. Asbjørn Aarnes: Bjørnen i varevogna

24. Ivar Bølset: Energikrise også i tidlegare hundreår

25. Jostein Seljehaug: Mektige vikingar frå Averøy

26. Ottar Roaldset: Så lenge skuta kan gå

27. Bernt Bøe: Minneord om Gunnvald Bøe

28. Torolv Løset: Slekters gang

29. Åsmund Ormset: Ormset skule

30. Leif Ragnar Fiske: Nokre Telstadminne I

31. Eivind Hasle: Brennevinsforbod? 100 år sidan folkerøystinga...

32. Johannes Vaag: Taterane kjem

33. Ingrid Kjønnøy: Hagbard Berner

34. Målprisen 2018

35. Alex Kurbanov: Vårsøg

36. Bibbi Bøhn: Musikk kring eit bord

37. Øyvind Rangøy: Maske (dikt)

38. Dag T. Straumsvåg: Det tapte landet (dikt)

39. Du mitt Nordmøre heidrar nordmørsforfattarar

40. Gunnvor Dønnem: Dialektkåseri: «Tu hæmbøgden»

41. Astrid A. Aubert: Idar Handagard – ein gåverik personlegdom

42. Andreas Skartveit: Namnestriden Fosna - Kristiansund

43. Hans Martin Neeraas: Du Fosna, gamle Fosna (dikt)

44. Vil du skrive i Du mitt Nordmøre?

45. Bidragsytarane 2019

46. Lagstoff