Du mitt Nordmøre
Du mitt Nordmøre er no i sal. Her kan du finne mykje interessant lesestoff. Som venteleg er i språkåret, er det mykje om språk. Du kan lese om da Ivar Aasen var på reise gjennom Surnadal og Rindal, og du finn dialektord frå Rindal.
Det er og fleire som skriv om krigsåra, mellom anna frå Surnadal. Musikken lyt og vere med. Her er det sett neonlys på Henning Sommerro. Du kan og lese om songarven frå Sjølgjetla i Bøfjorden.
Du kan få kjøpt heftet på Notabene og på Mega i Surnadal eller på Prix i Rindal.
Du kan og tinge det direkte frå Sverre Hatle, Surnadal, e-post: sverhatl@online.no