Du tør på Tørsåsen
Det var høg aktivitet i bakken ved Tørsåsløa søndag. Skihopping og klatring i tre var aktivitetane ungane engasjerte seg mest i denne Tørsåslødagen. Arrangementet var utsett frå før påske, så mange hadde ikkje plotta inn arrangementet.
Det var uver da Tørsåslødagen med Friluftsgudsteneste og skileik skaulle avviklast før påske. I dag var veret betre enn meldingane, temperatur og skiføre var heilt topp. Dei som møtte opp hadde ei fin stund, både ute og inne.
God sats, og rett i veret for Oliver!
Langt hopp, fin landing, - usikker avslutning ...
Sebastian - stilhoppar!
Nydeleg nedslag og full kontroll, konstaterer bakkesjefen!
Elise domunerte i jenteklassen!
Yngstemann hadde også fint svev og full kontroll!
Bakken var godt preparert, så det var lett å bli freista til å gå langt oppover.
Og det var After Ski både ute og inne! Kaffe, bakels og skoffkak' gjekk unna.