Dugnad er sosialt
Rundt 30 personar møtte til dugnad ved Øvre Rindal kapell onsdag. Arbeidet gjekk fort unna. Telen hadde vore snill, så det var få støtter å rette opp.
Etter arbeidsøkta var det sjølvsagt tid til ei sosial kaffestund.
Kyrkjetenar Einar Lillegård er glad for god hjelp.
Få støtter trong oppretting. Per Egil Rønning og Bjørn Børset tek eit tak.
Olav Børset og John Bendik Møkkelgård med fleire hadde den tunge oppgaven å rydde mellom kjerkmuren og vegen.
- men glad er Olav likevel!
Her ser vi m.a. Ingvald Bjørnås, Ingmund Halgunset og Ingeborg Elise Halgunset med rivene sine.
Olga Jonli Heli, Berit Myklegard og Gudrun Myklegard.
Slik troner kapellet i maikvelden.