tp_leserinnlegg

Dugnad for alle?

I desse tider med smitterisiko, stengte verksemder, permitterte arbeidarar, er det bortfall av inntekter for svært mange. Mange er pålagt å stenge, andre har mista mesta alle kundane.

Helsearbeidarar, reinhaldarar, butikkansatte, transportarbeidarar, bønder og mange andre, må stå på, sjøl under sterkt auka smitterisiko. Løna er framleis den same moderate, kanskje med eit aukande håp om bonus i Himmelen?

No har Norges Bank sett renta mesta ned mot null. Regjeringa kjem med nye direktiv mesta kvar dag, så ting skjer raskt. Om det ikkje kjem frå øvste hald, så tykkjer eg likevel at bankane våre skulle gjort raske, felles grep no. Og slik hjelpe alle i denne dugnaden.

Sjøl vår eigen, lokale bank la nettopp fram resultat frå 2019 med «All time high».

Næringsliv, foreningar, kulturarbeidarar, og enkeltpersonar har alle husleige, avdrag og renter å stri med. I mitt enkle sinn har eg tenkt tanken som kan omfatte alle:

Kunne ikkje alle bankane gi oss rente- og avdragsstopp til aktiviteten og inntekta kjem att?


Steinar Ranes

Ranesbakken, 20. mars 2020