Dugnad lønner seg
Som gjestar i eige hus kunne dugnadsgjengen til Rindal IL på Igltjønna skistadion mandag ta imot denne store gaven på 500 000 kr frå Rindal Sparebank.
- Vi ønsker med dette å gje dugnadsfolket motivasjon til å halde trykket oppe, sa banksjef Bjørnstad. Derfor ønska han at nettopp dugnadsgjengen skulle få vere med på denne gavetildelinga.
Johan Landsem (t.h.) tok imot gavesjekken frå d banksjef Magne Bjørnstad i Rindal Sparebank i lag med Ole Solvik, dagleg ledar i Rindal IL.
Rindal Sparebank tek kvart år imot ca. 30 søknader etter utlysing av midlar til allmennyttige formål. Rindal IL har gjennom denne tildelinga fått god støtte fra Rindal Sparebank, som er også hovudsponsor til idrettslaget.
- Skibygda Rindal bør ha ein skikkeleg skistadion, meiner banksjef Magne Bjørnstad, og han lista opp 5 viktige mål som han ser Rindal IL har for Igltjønna skistadion.
Stadionområdet
Tidtakarbu og toilett
Lysanlegg i løypene
Asfaltert rulleskibane
Ny løypetrasé sør
Kostnadsoverslaget er på over 6 mill.kr. Finansieringa er gaver, dugnad og spelemidlar. Dette er Rindal Sparebank med på.
- Rindal Sparebank går godt, sa banksjefen. Bra overskott, solid eigenkapital og fin auke på utlån.
Etter utdelinga kunne Johan Landsem og Harald Solvik fortelje litt om omfanget av dugnadsinnsatsen på dette anlegget.
- Prosjektet er no oppe i totalt 4025 dugnadstimar, inkludert maskintimane. 1012 t er kjørt med med eigen gravemaskin (Rindal Anleggsdrift), og så har det vore leigd ein dumpar og 4 gravemaskiner, 533 t, til sammen 1545 t. Så kan vi legge til 130 t i service o.l, Da er dei 3 stk maskinskjørarane oppe i 1675 dugnadstimar.
Det meste har foregått på mandagar, derfor kallar dei seg "mandagsgjengen."
Dugnadsgjengen (mandagsgjengen) samla i tidtakarbua der Rindal Sparebank spanderte marsipankake på alle mann!
Magne Bjørnstad frå hovudsponsor Rindal Sparebank, Johan Landsem frå dugnadsgjengen og Ole Solvik, dagleg ledar i Rindal IL utafor den nyoppførte tidtakarbua på Igltjønna skistadion.
Gjyttarane inne i bua kan vere stolte av innsatsen sin.