Dugnad ved kyrkjene
Frivillige snørtar opp ved kyrkjene våre om dagen. Tysdag var det vårdugnad ved Åsskard-kyrkja.
Tretti frammøtte – dei fleste pensjonistar (!) – fjerna lauv, retta skeive støtter og pynta opp til konfirmasjonar og 17. mai. Veret og stemninga var upåklageleg.
- Arbeidet går så lett når vi er fleire og humøret er på topp! sa ei av dei som handterte lauvriva.
Også rundt bordet i Kyrkjestua var det triveleg. Der serverte May Britt og Gunda i soknerådet graut, bakels og kaffe til dugnadsgjengen etter endt kveldsøkt.
Liknande dugnader skjer ved fleire kyrkjer i desse vårdagane.
Munter gjeng på gammel-kyrkjegarden: Johanne Holten, Anton Bele, Torbjørg Settem og Harald Aasbø.
Oddmund Gravvold, Ingar Snekvik og Martha Gravvold veit å handtere riva.
Etter økta vanka det fortent servering i Kyrkjestua. Bak sit servitørane May Britt Johnsen og Gunda Jorid Bele frå soknerådet. Ved bordet frå venstre: Gunn Bente Sæterbø, Bjørn Rønning, Jørgen Sæterbø, Gunnvald Bøe, Ola Sæther, Inger Solem (med ryggen til), Asbjørn Bøe og Ingrid Heggem Bøklepp.
Gunnvald Bøe lastar presenningen for lauvtransport til avfallsplassen.
(Alle foto: Bernt G. Bøe)