Duoen OboeBass! med verdenspremiere
Den amerikanske duoen Carrie Vecchione og Rolf Erdahl, med aner frå Røv, Surnadal, gav under konserten i Mo kyrkje tirsdag kveld ein verdenspremiere. Carrie spelar obo, og Rolf spelar bass. Siste månad fekk dei ein liten jazzlåt skrive for obo.
Carrie Vecchione hadde lenge ønska seg ein jazzlåt for obo, men det er skrive veldig lite jazz for obo. No hadde venen og favorittkomponisten deira, Timothy Goplerud (med aner frå Telemark) skrive denne låten som vart framført for første gong i Mo kyrkje. Den swinga, - rytmisk og flott gjennomført av Carrie.
Melodien hadde ikkje fått namn enda, men etter konserten kom det forslag på å kalle den «Luther Goes Jazzing», sidan ein også markerte dagens Luther- og reformasjonsjubileum! Jubiléet vart også markert ved at konserten opna med Luthersalmen «Vår Gud han er så fast ei borg» akkompagnert av OboeBass!
Rolf Erdahl la vidare til at Martin Luther ikkje var berre interessert i teologi. Han var glad i musikk også. Han ville at alle skulle vere med å synge i gudstenesta, og han skreiv mange salmar og var sikkert songar sjølv også. Derfor var det fint å feire 500-årsdagen for reformasjonen med musikk i kyrkja.
Kombinasjonen av obo og bass er så sjeldan at dette paret er den einaste profesjonelle duoen i verda som brukar berre desse instrumenta. Obo er eit greitt instrument å reise rundt med. Det er verre med ein fotsid bass! Rolf Erdahl har fått laga ein solid transportkasse til den slik at den trygt kan leggast ilag med bagasjen. Dermed slepp han å betale for ekstra flysete for å ha den i cabinen slik det visst var lov å gjere tidlegare.
OboBass! er ikkje berre sjeldan som gruppe. Da dei gifta seg var det berre 3 musikkstykke skrive for obo og bass. No har repertoaret passert 40 ved hjelp av gode komponistvenner. Ei fin samling av desse fekk vi oppleve i Mo kyrkje denne kvelden.
Konserten opna med 3 stykke som Timothy Goplerud har komponert over tema frå barneboka «The Miraculous Journey of Edward Tulane». Edward var ein kanin som hadde litt av ei reise. Vi fekk oppleve både farten til kaninen og redsel for mørke. Siste del skildra da han vart ødelagt, men reparert igjen, «Down, but not out!»
Dei fleste numra vi fekk høre var skrive til denne duoen. En finsk komponistven hadde skrive to melodiar. Den eine hadde finsk folketonepreg. Bassen tok oss med inn i dei mørke skogane, og oboen sleppte til sol og fuglesong. Det litt melankolske var avløyst av ein sprudlande polka.
Ein amerikansk bassistven hadde arrangert ein melodi inspirert av Annlaug Lien. Vi hørte tydeleg hardingfeleklangen.
Den tidlegaste amerikanske jazzmusikken er ragtime med piano som hovudinstument. I kveld fekk vi høre «The Pineapple Rag» av Scott Joplin framført med obo og bass. Hørte vi pianolåt frå sakristiet?
«Hard Times come again no more» av Steven Foster fekk vi også i OboeBass!-versjon.
Grunnen til denne Norgesturen var at dei skulle delta i eit Grieg-symposium i Bergen. Dermed var det naturleg med Griegmusikk. Vi fekk høre «Ensom vandrer» fra Lyriske stykke, og vi fekk høre «I Dovregubbens Hall».
- Å, den kjenner vi, seier også amerikanarane når vi spelar den, kunne Rolf fortelle på norsk, for han hadde lært norsk. Han har forfedre fra Røv i Surnadal og Brønstad i Rindal. Oldeforeldra til Rolf var Ellen Krangnes og Lars I. Røv, og mor til Lars var frå Brønstad i Rindal. Du kan lese om Lars I. Røv i Utvandringshistorie for Nordmøre (Dordi Skuggevik) frå side 291.
«A NewYork-minute», eller «Big Five-O blues» var eit jazzig stykke Rolf fekk på 50-årsdagen, og ein ana kanskje eit spøsmålsteikn i slutten.
Avslutninga vart italiensk, eit arrangement av ein tradisjonell italiensk song som ein musikarven frå Indiana hadde arrangert som bursdagsgave til far til Carrie.
- Det blir rart å komme ut i haustregnet etter denne varme, blomstrande opplevinga, sa Tove Mogstad da ho takka musikarane for opplevinga.
Rorlf Erdahl og Carrie Vecchione med døtrene Ella og Ada, som også var med på Norgesturen. Neste konsert er i Østerrike, før dei dreg tilbake til USA.
Du kan høre og lese om OboeBass! på nettsida www.oboebass.com og på Facebook!