tp_leserinnlegg

«Eg kyssa ei stengt dør!»

Etter fleire tiår med vaksensymjing i Surnadal symjehall på fredagaskveldane vart det slutt hausten 2019.Dette er eit stort sakn for oss som hadde stor glede og nytte av dette tilbodet, og fleire møtte opp både første og andre fredag etter skolestart - og kom til stengt dør.

Kvifor eit stort sakn, hallen er da open tysdag og torsdag pluss onsdag?

Ja, hallen er open dei kveldane, og dei ivrigaste av oss er der da også, men det er noko eige med fredagssymjinga fordi:

Dei som er i jobb, set stor pris på å avslutte arbeidsveka der.
- Hallen m/badstue er open i 3 heile klokketimar, og det set mange pris på. Folk får god tid. Ikkje noko stress.
- På tysdag og torsdag er vasstemperaturen høg sidan vatnet må halde godt over 30 grader på onsdagane fordi det da er babysymjing og symjing for personar som av helsemessige årsaker treng svært varmt badevatn.
- På fredagane er vasstemperaturen såpass låg at dei som driv med intervalltrening eller anna symjetrening, greier å symje raskt utan å bli fysisk uvel (kvalm) p.g.a. for varmt vatn.
- Nokre tar symjemerket «Den store havhesten» kvart år. Der må ein gjennomføre ymse prøver som er krevjande i for varmt vatn.
- Somme trivst godt med å symje, prate, vere i badstua, komme tilbake, symje, prate, gå tilbake til badstua ....
- På fredagane er symjehallen ofte ein internasjonal arena. Dit kjem mange av våre nye landskvinner og landsmenn!

Vi forstår at Surnadal kommune lyt vere forsiktig med pengebruken, men å ha symjehallen open på fredagskveldane er vel ikkje det som skakk-kjører kommuneøkonomien fordi:

- Bassengvatnet treng ikkje ekstra oppvarming.
- Omorganisere arbeidsoppgåver for kommunetilsette med  badevaktkompetanse slik at desse kan ta vaktjobben innanfor arbeistida si.

Det einaste ekstra da vil bli reingjering av garderobane, kveldstillegg for badevakt og oppvarming av badstua dei vekene symjehallen er open i skoleåret.

Den 14.10.2019 fatta Surnadal eldreråd (sak 14/19) samrøystes vedtak som støttar skriv/synspunkt (av 19.09.19) frå Eva Marie Myklebust og fire andre brukarar  av symjehallen på fredagskveldane.

Eldrerådet skriv vidare her: «Det aktuelle aktivitetstilbodet som no har falle bort, er også viktig for dei eldre. Surnadal eldreråd rår sterkt til at tilbodet om open symjehall på fredagskveldane bli oppretthalde».

I uttale frå det nyvalde eldrerådet (sak 19/19 av 26.11.19)  til kommunebudsjettet for 2020 blir det framleis tilrådd at tilbodet om open symjehall på fredagskveldane blir oppretthalde.

Vidare er det verdt å nemne at styret i Surnadal Pensjonistlag har har vedteke ein uttale om at dette tilbodet vert gjeninnført.

Hovudutvalet for helse og omsorg (HHO) hadde møte den 28.11.19. På dette møtet vart det fatta eit samrøystes vedtak som kjem naturleg inn i økonomiplan og budsjett for året 2020:

 « 1. HHO ser  på vaksensymjing i symjehall som eit viktig folkehelsetiltak.

    2.  HHO ber om at det i budsjettsamanheng blir vurdert nøye om det let seg gjere å oppretthalde tilbodet om open symjehall på fredagskveldane».  

Vaksensymjinga på fredagkveldane er eit velferdstiltak som fremjer helse, velvære og trivsel, og  vi håper at tiltaket snarleg blir gjeninnført! Sjer det, vil ingen føle sanninga i det russiske ordtaket: «Eg kom – og kyssa ei stengt dør» når dei kjem til Surnadal Symjehall på fredagskveldane.
 

Johannes J. Vaag
Eva Marie Myklebust