Ei regle til ræpdusteng

I dag kan vi ønske Oddbjørg Ljøkjell i Nordfjordeid velkommen til dialektspalta:
- Det er artig å følje med i innlegga om rindalsdialekta sjøl om det er lenge sidan eg flytta frå Rindala. Det er mange gode rindalsord som det er vanskeleg å finne dekkjande ord for når ein skal gjera seg forstått utabygdes, td  kyndau og hølin. Klengete dekkjer ikkje heilt det eg legg i dei. "Nårsta arsta" er det og mange som ikkje forstår.
Vi brukte fleire regler når vi leika da eg voks opp i Bokten. Her kjem ei som vi bruka til ræpdusteng:

Attpåatslønja, sokkeribrønja,
kalven dansa så rompa slong,
koka kaffe klokka tolv,
- og så rekna vi til 12. 1, 2, 3 osv til 12.

Den som ga fart sa regla, eit ord for kvar gong ho dytta,
og når regla var ferdig, skulle den som dusta hoppe ut
og gje fart til den andre.

(Red.anm.: "Ræpdust" - for ikke-rindalinger: Det er ei tau-huske.)