Ei sterk og rørande fortelling
Under denne vekas "Onsdagstreff" lanserte Svein Sæter den nye boka si, "Krig. Mor. Bror". Sæter leverte eit veldig sterkt og rørande foredrag om Ottar Haugland og kva han opplevde, mest under krigen, men også før og etter.
Tekst: Surnadal Folkebibliotek/Trollheimsporten.
Foto: Surnadal Folkebibliotek.
Sæter si bok handlar og om mora, Gunnhild, som satt heime, nyleg enke etter at ektemannen omkom i ei meiningslaus ulukke.
Etter foredraget, som vara i om lag ein time, opna Svein for spørsmål frå dei 23 frammøtte.
Forsamlinga hadde imidlertid nærast problem med å ta seg att etter den sterke historia, så det gjekk forhåpentleg betre under kaffeen som vart servert etter "Onsdagstreffet", som er ein del av Den kulturelle spaserstokken.
Mange sikra seg også boka, anten til seg sjølv eller til nokon andre, som dei vil gle til jul med den sterkaste historia Svein nokon gong har skrive, etter eige utsegn.
I resymeet til boka heiter det:
"November 1943. I same natt blir to brør tatt og torturert av Gestapo: Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden, tungtvannsabotør Knut på Kongsberg. Knut gjennomfører ei farefull flukt, Ottar svelgjer ei sjølvmordspille.
Heime på Rjukan døyr far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild begynner å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine.
For Ottar får eit liv etter sjølvmordspilla. Eit liv i dødsleiren Stutthof. Der finn han blyant og papir. I kampen for å overleve barbariet har fangane berre eitt våpen: solidaritet.
Krig. Mor. Bror er ei lysande bok om den mørkaste tida i menneskets historie."