Eidet vel vann fram i namnesak om Østbøen
Etter to år og fire rundar med kartverket har Eidet vel vunne fram i namnesaka om Østbøen eller Øvstbøen. Måndag vart det nemleg klart at lokalbefolkinga får viljen sin, ettersom skrivemåtane Østbøen og Østbødalen vart vedtekne av Kartverket, som dermed gjorde om på dei tidlegare vedtaka sine.
Kartverket gjorde måndag vedtak om skrivemåten Østbøen for gnr. 47 og bnr. 1, 6, 7, 11, 19, 21 og 22 i Surnadal kommune, i namnesak 2018/333.
Der slår dei fast at dalen skal heie Østbødalen, og Kartverket gjer dermed om sine tidlegare vedtak, det siste frå 18. desember 2018. Dei slo fast at korrekt skrivemåte skulle vere Øvstbøen og Øvstbødalen.
I vedtaket gjer kartverket greie for argument for både Østbøen og Øvstbøen, men forklarar den nye konklusjonen i saka slik:
"1. Den offentlege skrifttradisjonen har vore einerådande Østbø eller Østbøen i meir enn 500 år, bortsett frå på kartserien Norge 1:50 000, der skrivemåten Øvstbøen blei innført i 1970. I tillegg til skriftformene nemnt ovanfor, nemner verket Norske Gaardnavne følgjande belegg: "47. Østbøen. Udt. ø`ssbø'n, Dat. -bønå. ― Østebø 1559. Østbøe 1590. 1643. Østbøen 1667. Østbøe 1723."
2. I lokalsamfunnet er skrivemåten Øvstbøen ukjend og framand. I klaga av 21.01.2019 skriv Eidet vel at ingen i kommuneadministrasjonen, lag, organisasjonar eller privat har bruka denne skrivemåten, trass i namnevedtaket i 2001.
3. Skrivemåten Østbøen vil ikkje endre den lokalt nedervde uttalen av namnet. Tvert imot er den nærare den nedervde uttalen enn Øvstbøen.
4. Ut frå meiningsinnhaldet i namnet ville det vore rettast å halde på vedtaket Øvstbøen. Men denne skrivemåten kan føre til ein uttale som avviker frå den nedervde – iallfall av folk som ikkje kjenner dialektuttalen.
5. Endringar i lov om stadnamn er på trappene. Antakeleg vil ny lov trå i kraft 1. juli 2019. I Prop. 65 L (2018–2019), s. 40 skriv Kulturdepartementet i merknader til ny paragraf 4 Reglar om skrivemåten i samband med bruk av regelen «Har skrivemåten vore lenge i bruk, og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp», som etter framlegget er foreslått flytta frå forskrifta til lova: - «Ein må vurdere om skrivemåten vil endre den lokale uttalen av namnet. Forma som namnet har i den nedervde lokale uttalen, er utgangspunktet for normering og har i seg sjølv verdi som kulturminne.» I denne saka vil skrivemåten Østbøen som nemnt tvert imot bidra til å halde på den nedervde, lokale uttalen. Vidare står det i Prop. 65 L same stad at «Uttrykka «lenge i bruk» og «innarbeidd» skal forståast slik at det skal vere ein lang og dominerande skrifttradisjon for den eldre skrivemåten som er ønskt, helst på offentlege kart og i matriklar. I uttrykket «vel kjend» ligg det at det ikkje er stort sprik i lokale synsmåtar om at skrivemåten er innarbeidd». Som nemnt er det berre kartserien Norge 1:50 000 som har skrivemåten Øvstbøen. Og det er ingen sprik i lokale synsmåtar om at skrivemåten Østbøen er innarbeidd.
6. Prop. 65 L seier vidare at «Det må vurderast om skrivemåten i stor grad bidreg til å skjule meiningsinnhaldet, slik formålet med lova er at skrivemåten ikkje skal gjere». Kartverket ser at skrivemåten Østbøen for folk utanfrå, som ikkje kjenner Surnadals-dialekta, vil bidra til å skjule meiningsinnhaldet. Mange vil tru at det er retningsordet ‘øst’ som ligg til grunn. Men for lokalfolk, som har ein dialektuttale av retningsordet meir i retning av ‘æst’, vil det vere forståeleg at det ikkje er retningsordet som ligg til grunn."