
Ein føremiddag på SuKuHu
Etter å ha vore innom og sett kor godt Surnadal Kulturhus fungerer som myldreplass, spør Trond Skogseth i dette lesarinnlegget på Trollheimsporten om korleis vilkåra blir for slikt liv når foajeen òg skal fungere som hotellresepsjon.

Her ein føremiddag var eg innom kulturskulen på Surnadal kulturhus. På veg ned igjen frå andreetasjen, stoppa eg opp og såg litt på ”utsikta” ned mot foajeen.
Der var det eit yrande liv; ein barneskuleklasse var på tur i Finstuå, nokre ungdommar sat med skulearbeid, nokre hadde kaffepause, eit par eldre var på gjennomreise med rullatoren og mange andre sat i kulturhuskafeen.
Det slo meg at kulturhuset denne dagen fungerte akkurat som den myldreplassen vi håpa å skape den gongen huset vart bygd og oppstarta. Eg vart så fornøgd at eg tok eit bilde av livet.
Eg tenkte òg tanken: korleis blir vilkåra for slikt liv når dette òg skal fungere som hotellresepsjon? Når først vedtaket er teke om at det er det beste for hotellet å ha resepsjonen i SuKuHu, håpar eg denne etableringa lykkast i å verne den møte-, vente-, kaffe-, konsert- og leikeplassen foajeen har vorte for oss.
Trond Skogseth

.png)

