Leserinnlegg

Ein uoppretteleg feil

I 1979 fekk eg vere med farfar min under opninga av den vel to km lange moloen frå Frosta til øya Tautra. Det var stor festivitas, både blant tautringane som gledde seg over endeleg å ha fått veg til fastlandet, og resten av Frosta, som no kunne gjere tilgjengeleg det som i dag er eitt av dei fremste turistmåla i Nord-Trøndelag. Det skriv Trond Skogseth i dette lesarinlegget:

Nokre år seinare viste det seg at løysinga med molo til Tautra ga negative følgjer for m.a. det rike fuglelivet på øya, ved at den stengte vassgjennomstrømminga i sundet. I 2003 var det difor nyopning, etter at deler av moloen hadde vorte skifta ut med bru.

På Frosta hadde dei mulegheit til å rette opp att feil dei av manglande kunnskap hadde gjort under prosjekteringa, og sjølv med dei ekstra millionane ombygginga kosta framstår vegen òg i dag som ein suksess. For Trollheimstunnelen finst det ikkje ein slik angremulegheit. Og her kan heller ikkje politikarane skulde på ukjende konsekvensar. Viss politikarane våre fortset som dei stemner og vedtek bygging av den 9,4 km lange tunnelen mellom Todalen og Ålvundeidet, vil den stå der til alle tider, hogd i stein som den er.

Vi vil da rett nok ha fått eit døgnope, ferjefritt samband til ein innkjøpspris som kanskje – sjølv om usikkerheita i dei grove overslaga er stor – er den mest fristande. Men totalkostnadane for langtunnelen er overskyggande høg og av den ekle, seigliva typen som ikkje let seg nedbetale eller avskrive, verken av oss eller dei mange generasjonane som skal utvikle bygdene og regionen vår vidare: 36 km lengre reiseveg t/r mellom sørvestlege Surnadal og Tingvoll (og 3-4 km lengre veg t/r Sunndalsøra); mykje høgare vedlikehaldsutgifter som vil medføre mindre pengar til vedlikehald av dei andre fylkesvegane våre; hovudveg rett gjennom bustadområde og finaste dyrkamarka på Todalsøra; eit enormt, giftinnhaldig steindeponi i dalsida i miljø- og friluftsbygda Todalen; ein veg utan omkøyringsmulegheit ved tunnelstengingar; ein ufarbar veg for syklistar, gåande og andre mjuke trafikantar mellom Surnadal og Rykkjem/Ålvundfjord/Tingvoll. – for å nemne nokre av ei lang rekkje «kostnadar» ved langtunnelen.

Forkjemparane for tunnelen prøver å avfeie desse reelle konsekvensane, men sjølv om vi ikkje skulle lykkast i å endre synet deira i tide, er eg viss på at framtida vil vise kor smerteleg dei tek feil. Ei eventuell realisering av Trollheimstunnelen vil difor, etter mi meining, bli ståande som eit monument over kommune- og fylkespolitikarar som sjølv om kunnskapen var tilgjengeleg ikkje tok kampen for å realisere det som sunndalsordførar Refstie og dei fleste andre tykkjer å meine eigentleg er den «beste løysinga». I godt over eitt år no har leiande surnadalspolitikarar stritta imot og ikkje vist vilje eller evne til å lytte til argumenta og sjå på den oppdaterte dokumentasjonen for brualternativet. Dei talar i staden om «farlege omkampar», men slik eg ser det er det deira steile haldning og manglande handlekraft som utgjer den største risikoen for dette prosjektet, og som kanskje allereie har medført ei forseinking av ferjeavløysinga. Det totale fråværet av dei same politikarane på denne vekas informasjonsmøte på Sunndalsøra er skuffande og oppsiktsvekkande, men dessverre symptomatisk.

Vi er mange (2137 personar har i skrivande stund sett seg på lista på http://sites.google.com/site/trollheimsbrua/home/underskrift – det er plass til fleire!) som forventar og krev at mange nok i kommunestyret i Surnadal no om nødvendig tek seg eit godt, gammaldags kamelmåltid, ser framover og gjer som Sunndal og opnar opp for ei ny vurdering av trasèvalet. Med hjelp frå Tingvoll, resten av regionen og Fylket vil dei da forhåpentleg vis sjå og utnytte dei innlysande og store mulegheitene dei har til å dreie prosjektet i ei framtidsretta retning – og sette fullt og samla trykk på utgreiings- og planarbeidet for Trollheimsbrua!

Trond Skogseth

PS På møtet måndag vidareformidla eg Råg Årnes sin idé om å dele opp brualternativet i to trinn, der trinn 1 – bru og omkjøringsveg – bør kunne realiserast for ca. 1100 mill. kr. Dette vil gjere dei «vanskelege siste kronene» å finansiere færrast muleg og vere enklaste måten til ferjefri fjord.

Du finner dette leserbrevet på leserinnlegg på Trollheimsporten.