Solstein 03 Einar m Solbrett

Einar og Solsteinen

Einar Oterholm samla som vanleg mange interesserte søndag - da han gjesta Sjøbruksmuseet i Bøfjorden med foredrag om tusenårgamle navigasjonsmåtar. Og alle lærte mangt dei ikkje visste.

- Korleis navigerte vikingane? spurte han – og svara sjøl: - Det veit ingen heilt sikkert! Men i løpet av ein umåteleg interessant time i kulturhistorie og naturfag viste han glimt av korleis Leiv Erikson og hans samtidige kan ha kome seg over ope hav til fjerne reisemål.

Lektoren ramma spørsmålet inn i grundige bakgrunnsutgreiingar. Om alskens båttypar frå 700-talet og framover. Om båtbyggeplassar i Skandinavia og når kjølen kom i bruk. Om kvar dei reiste – svenskane langs elvane i innlands-Europa, danskane til Middelhavet og nordmennene til havs vestover.

Han hadde leita opp tusenårgamle seglingsanvisningar og viste korleis knutane på handloggen gav opphav til fartseininga «knop». Bayeaux-teppet (slaget ved Hastings 1066) viste tidlege langskip og korleis dei mælte havdjupna. Fuglane antyda leia og avstanden til lands. Karlsvogna og Polarstjerna var fjerne seglingsmerke.

Men sola var viktigast. Oterholm synte og gjorde greie for solfjøl og solbrett. Som forløpar for magnetkompasset vart «leidarsteinen» (frå 1100-talet) eit nyttig hjelpemiddel.  Og rundt 1200 blir «solarsteinn» nemnt – «en Steen, hvormed man kunde se hvor Solen var paa Himmelen», som det heiter i Oldnorsk Ordbog 1853. Ein slik var det truleg dei nyleg fann att i vraket av ei skip som forliste i Den engelske kanal på 1500-talet.

Via instruktiv forklaring av lysbølger gav så kåsøren forsamlinga innblikk i korleis denne krystallaktige steinen med si mineralsamansetting bryt lyset. Når steinen vender mot sola, vil brotne strålar falle saman i eitt punkt. Slik kan altså seglarane ha orientert seg – også i skodde og overskya ver.

- Endeleg løysing på navigasjonsgåta let enno vente på seg, innrømmer den alltid kunnskapssøkjande Halsa-lektoren. Men dei rundt 60 i salen tykte nok at dei lærte mykje dei ikkje visste før dei kom til Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen.

Solstein 01Grete RamsøyHalle og Einar O.jpg

Grete Ramsøy-Halle prøvar solsteinen – instruert av Einar Oterholm,  som for høvet sjølsagt er kledd som viking.

 

Solstein 02 Einar O.jpg

Viking og dyktig pedagog: Einar Oterholm fascinerer alltid med instruktiv kunnskapsformidling.

 

Solstein 03 Einar m Solbrett.jpg

Solfjøla var eit tidleg navigasjonsmiddel, forklarte kåsøren.

 

Solstein 04 Leidarstein mot kompass.jpg

Den magnetiske «leidarsteinen» var forløpar til kompasset.

 

Solstein 05 Solarsteinn.jpg

Prinsippa med solsteinen var bruka på SAS sine første flygingar over Nordpolen!

Solstein 06 Tittelfoto.jpg

Solstein 07 Bayeauxteppet.jpg

Det legendariske, 70 meter lange Bayeux-teppet frå rundt 1070 fortel ikkje berre om slaget ved Hastings, men også om skipstypar og mæling av avdjupna.

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe