einar sæter_350x197

Einar Sæter er død

Avismannen og motstandsmannen Einar Sæter døydde onsdag, 93 år gammal. Sæter grunnla avisa Driva i 1971, og fekk i 2001 Kongens fortjenstemedalje i gull for sin unike innsats som avismann og forfattar.

Sæter grunnla Driva i 1971 og la ned ein voldsom innsats for avisa heilt fram til han gjekk av som redaktør i 1988. Han har vore aktiv som forfattar, både for den lokale og nasjonale marknaden.

Sæter var agent i etterretningsorganisasjonen XU under krigen, og har skreve fleire bøker med motstandskampen under krigen som tema.

For åtte år sidan vart han råka av hjerneslag, noko som gjorde at han vart avhengig av rullestol. Sidan har han delt tida likt mellom helsetunet på Sunndalsøra og i heimen saman med kona Norunn, skriv driva.no.

Foto: Driva