
Mest truleg frå 1923
Eit gammelt sykkelbilde nedafor Tørsetgjeret
- No må sykkelbildet vera aktuelt! skriv Ragnhild Stavne Bolme i ei melding til Trollheimsporten. På side 8 i Jubileumsberetning for Rindal Idrettslag står det at idrettslaget Bjørn arrangerte sykkelritt allerede i 1922. Det finns resultat frå eit løp i 1923, som nærast må sjåast på som eit stevne, da det var med folk både frå Svorkmo og Orkanger. Dette bildet er mest truleg frå 1923 - Ragnhild har også prøvd å identifisere fleire ryttarar:
Løpet var på 6 mil og rekkjefølga var slik: 1. Lars O. Tørset, Bjørn. 2. Georg J. Aune, Bjørn. 3. Solås, Svorkmo. 5. Knutsen, Orkanger. 6. Gunnar Nergård, Bjørn. 7. Edvard H. Tørset, Bjørn.
Mikkel P. Bolme var formann i 1923. Bildet er teke nedafor Tørsetgjeret, Lars Tørset står som nr. 1 frå venstre og Evard H. Tørset som nr. 2.
Mikkel P. Bolme var formann og han står heilt til høgre med flagg.
Helsing Ragnhild
Og det passar svært godt med eit slikt bilde no med Den Store Styrkeprøven ferdig og Tour de France i gang.
Kanskje nokon veit meir om dette bildet, eller kanskje du kjenner fleire - ta kontakt - bruk redaktor@trollheimsporten.no. Trollheimsporten ønsker å videreformidle alle gamle bilder med Porten. Bare ta kontakt, eller send det til oss, om du har noko du gjerne vil dele med fleire.
Ragnhild S.Bolme: Vågar meg på identifisering av fleire sykkelryttarar:
Nr. 3, frå venstre, trur eg er Gunnar Nergård, Øvre Steinlykkja, f. 1904 og nr. 4 må vera Georg J. Aune, Austigard, f. 1899.
Han som står attmed Mikkel P. Bolme kan vera frå Bjørnås, Utigard? Ellers ser eg fleire kjentfolk blandt publikum også!