
Eit nytt syn på kinoen
Nei, det var ikkje mafiaen som var på visitt i Surnadal Kulturhus fredag. Derimot Anders Nordvik, Lilly Gunn Nyheim, ordførar Mons Otnes og resten av kommunestyret som fekk demonstrert 3D-film i den oppgraderte og digitaliserte kinoen.

Arbeidet med å digitalisere Surnadal Kino er no på det næraste ferdig. Førstkomande søndag blir anlegget testa ut med 2D-forestilling, og dersom alt går etter planen, blir det filmvising i 3D neste helg.
Det gamle systemet med 35 millimeter film går ut. Eit nytt digitalt utstyr er på plass, i tillegg til oppgradert lyd og utstyr for vising av film i 3D (tredimensjonal effekt, dybdeillusjon) sett med spesialbriller.
Med det håpar Surnadal Kino og kinoansvarleg Pål Norman å få langt betre tilgang på premierer og større fleksibilitet. Dei fleste kinoane i Norge er digitalisert allereie, og difor har talet på 35 mm-kopiar gått kraftig ned.

.png)

