Rådmann Geir Vikan_1024x732

Formannskapet får saka i dag

Eit stramt budsjett i Surnadal

- Målet må i første omgang vere å vidareføre den delen av dagens drift som vi ynskjer å halde fram med. Det vil framleis vere sterkt behov for å vurdere tenesteomfang og tenestenivå i økonomiplanperioden, skriv rådmann Geir Vikan (bildet) i Surnadal når han tirsdag 16. november innbyr formannskapet til å vedta budsjett og økonomiplan. Les alt om formannskapsmøtet:

To av dei forslaga som har vore lufta i budsjettprosessen er redusert opningstid i symjehallen og ein eventuell reduksjon av kommunale vegar. Rådmannen finn ikkje at desse tiltaka er godt nok vurdert pr. dato, og legg fram forslag om at administrasjonen får utgreie spørsmåla meir grundig på nyåret. Rådmannen legg fram budsjettet for 2011 og økonomiplana for 2011- 2014 til behandling.

Klikk her og les heile saksframlegget frå rådmannen om budsjett og økonomiplan her. Du kan sjå heile saklista til formannskapsmøtet tirsdag her.

Dette er endringar frå rådmannen:
· Ansvar 100 Rådmannen + kr 4.135.000
· Ansvar 130 Kultur + kr 50.000
· Ansvar 150 Politisk verksemd + kr 298.000
· Ansvar 223 Midtigrenda barnehage + kr 3.894.000
· Ansvar 225 Skei barnehage + kr 2.560.000
· Ansvar 227 Øye barnehage + kr 3.810.000
· Ansvar 232 Bøfjorden og Bæverfjord OS + kr 1.215.000
· Ansvar 233 Mo OS + kr 2.090.000
· Ansvar 235 Todalen og Stangvik OS + kr 2.699.000
· Ansvar 236 Øye skule + kr 250.000
· Ansvar 237 Surnadal ungdomsskule + kr 1.000.000
· Ansvar 310 Helse og familie - kr 7.088.000
· Ansvar 330 Institusjonane + kr 500.000
· Ansvar 340 Habilitering + kr 500.000
· Ansvar 360 NAV + kr 500.000
· Ansvar 440 Bygg og miljø + kr 500.000
· Ansvar 460 Eigedom + kr 100.000
· Ansvar 503 Tilskot utanom næringsfondet + kr 667.000
· Ansvar 530 Kyrkjeleg fellesråd + kr 141.000
· Ansvar 540 IK barnevern + kr 7.088.000

Formannskapsmøtet kan du følge direkte på Trollheimsporten!