KS Surnadal 210612 1_1024x648

Held fast ved samorganisering av Bæverfjord og Bøfjorden skular i Bæverfjord

Ekstra kommunestyremøte i Surnadal

Bæverfjord og Bøfjorden skular blir samorganisert ved Bæverfjord skule skuleåret 2012/13. Det held rådmannen fast ved når kommunestyret i Surnadal samlast til ekstra møte i morgon for å avklare neste skuleår i Bæverfjord og Bøfjorden. Mange meiner dette er ei nedlegging av skulen i Bøfjorden. Det ekstra møtet har i tillegg ein søknad om ny fastlegeheimel og ein søknad om fritak frå alle politiske verv i fire månader på sakskartet.

Innstillinga frå rådmannen i skulesaka er slik:
1. Bæverfjord og Bøfjorden skular blir samorganisert ved Bæverfjord skule skuleåret 2012/13. 2. Det blir oppstart ved Bæverfjord skule hausten 2012 for alle elevane. 3. Det blir gjeve barnehage- og SFO - tilbod for elevane frå Bøfjorden ved Bøfjorden oppvekstsenter.

Heile saksutgreiinga les du her.

 

 

I tillegg skal kommunestyret behandle ein søknad om ny fastlegeheile - her er innstillinga: Surnadal kommune søkjer om ny fastlegeheimel etter dei krav og plikter som er gitt i "Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fastlegeordninga i kommunane, ASA 4310, kapittel 5.” Heile saksutgreiinga her.

Det er Bernt Venås (Sp) som har søklt om å få fritak frå alle sine kommunale politiske verv ut året frå 1. september. Han skal ta pastoralklinisk utdanning og innstillinga frå rådmannen er positiv. Heile saksutgreiinga her.

Og du finn alle sakene til morgondagens kommunestyremøte i Surnadal her.