
Ekstraferje frå fredag
Statens vegvesen vil prøve å unngå helgekaos på ferjesambandet Halsa-Kanestraum. Difor vil ei ekstraferje bli sett inn i sambandet allereie fredag, og ikkje måndag som tidlegare meldt.

– Bakgrunnen for framskyndinga er at Fjord1 MRF har lukkast med å få på plass mannskap tidlegare enn føresett, skriv Statens vegvesen i en pressemelding ifølgje tk.no.
Det betyr at det frå og med fredag føremiddag vil gå tre ferjer i sambandet. Desse vil gå åtte timar dagleg, seks dagar i veka i ein månad framover. Dette for å avhjelpe problema med mange gjenståande køyretøy og ferjekøar på opptil 800 meter.
Hittil i juli har langt over 10.000 personbilar stått over tur fordi dei to faste ferjene i sambandet har vore fulle.

.png)

