Picasa

Rindaling med diktsamling

Eldfluger og sporvar

Odvar Halgunset (74) er fødd i Rindal, har no kome attende til sin barndoms dal og har gitt ut si første diktsamling. Dikta er inspirert av møte med menneske og natur. Diktsamlinga har fått namnet "Eldfluger og sporvar" og er gitt ut på Kolofon Forlag AS. 

Heim til Rindal
I diktsamlinga "Eldfluger og sporvar" har Odvar Halgunset med tilsaman over 70 dikt og samlinga kjem i 300 eksemplar, der han sjøl skal selja halvparten. Resten blir seld på nettet: www.kolofon.no.

Sjøl har Odvar Halgunset kome attende til Rindal og er busett på Skogheim på Rindalsskogen. Han har budd i Trondheim, Karasjok, Sykkylven og Eide på Nordmøre. Han har virka som lærar i sitt yrkesaktive liv og har no kome attende til Rindal som enkemann. Opprinneleg er han frå Grøsetstuggu, der han har vokse opp på vasskillet.

På nynorsk og ulike bolkar
No håpar han dei vel 70 dikta på nynorsk kan vera til glede for mange. Han utelukkar ikkje fleire diktsamlingar, da han har mange dikt på bokmål og engelsk liggande. Bokmål har vore skriftspråket hans opp gjennom tida, mens han hadde nynorsk i barne og ungdomsåra på skulen.

Denne damlinga - Eldfluger og sporvar - har han delt inn i ulike bolkar. Eldfluger finst ikkje i Norge, men viser til dei lysande flugene i USA. Saman med sporvar viser han til eit dikt i samlinga: "Eldfluger og sommarfuglar... og nokre sporvar - som kan overleve - vinteren". På baksida står dette diktet: "Når frøet er i jorda - ser det svart ut - heilt til det tek til - å spire". Og han leikar med ord: "Ord er vakre - naive trur - dei skal - leite fram - nye løyndomar - frå mysteriet".

Vidt tidsspenn
Dikta i denne samlinga er skreve gjennom ein lang tidsperiode og første bolken er frå barndommen, der han ser attende. Andre bolken er forestillingar om ordet og tredje bolken har han kalla "Kjenner du deg att?". Det er spesielt til personar han har møtt. Vidare har han ein bolk om møter i forhold til naturen. - Og ein bolk om kjærleik må vera med, seier han. Til slutt har han ein bolk om kulturen.

No håpar han fleire vil ha glede av dikta hans. - Det er berre å ta kontakt, seier han og legg til at eit eksmplar vil og ligge ved Rindal folkebibliotek.

Odvar H (1)_690x734.jpg