Elevane på Øvre Rindal trivst svært godt

Kvar haust har Øvre Rindal skule ei anonym trivselsundersøking for elevane på 4. til 7. trinn. Der blir dei mellom anna spurt om trivsel på skulen og om mobbing. I år ser vi at 97 prosent av elevane seier dei trivst bra eller svært bra på skulen.

Dette er betre enn vi nokon gong har hatt tidlegare, understrekar Gro Magnhild Brønstad ved Øvre Rindal skule.
 
Bra også på mobbing
Også på spørsmål om mobbing ser vi at det er ein svært klar positiv tendens. I år er det ingen elevar som seier at dei blir mobba kvar dag. Det er også langt færre som seier at dei blir mobba av og til.
 
 
Ved Øvre Rindal skule er det 54 elevar frå 1. til 7. klasse. Skulen har eiga skulefritidsordning. Skulen ligg ved riksveg 65, 8,5 km frå Rindal sentrum. Øvre Rindal barnehage held til i same bygning, og skulen og barnehagen har eit stort felles uteområde.