Elevar byggjer hus

Elevane på vg2 Byggteknikk på Surnadal vidaregåande skole har eit uvanlig, men svært lærerikt, skoleår. Saman med lærar Øyvind Svinvik er dei godt i gang med bygginga av sin andre einebolig på to skoleår. Det er byggfirmaet Ing.I.Sæther som står bak prosjektet, og de har gitt elevene på linja "Film, TV og visuelle effekter" på Nordmøre Folkehøgskule oppdraget om å lage en film som viser hva byggelevene arbeider med. Den deler de mer enn gjerne med Trollheimsportens lesere!

Tre av skoledagane kvar veke går med til husbygging i det populære byggjefeltet "Tømmerhaugen" ved Sæterlia alpinsenter. Linja stod i fare for å bli nedlagt for to år sidan, da det kun var fem søkjarar til vg1 Bygg- og anleggsteknikk. Byggmester og entrepenør Ing.I.Sæther tok ansvar, stilte med tomt og finanisering for ein tomannsbolig i passeleg storleik. Den første boligen vart ferdig i fjor, og er no solgt. Dei same elevane fortsatte prosjektet dette skoleåret, og boligen dei no er godt i gang med, blir lagt ut for sal når prosjektet er ferdig.

Fagbladet "Byggmesteren" får elevane, lærar Øyvind Svinvik og samarbeidspartnarar velfortent skryt for sitt husprosjekt. Journalisten frå "Byggmesteren" var på besøk i hustomta før jul i 2010, og resultatet kan vi sjå og lese i utgåve 12/10 av bladet.  Klikk her for å lese heile artikkelen i fagbladet

Her er ein link til filmen som elevane på "Film, TV og visuelle effekter" på Nordmøre Folkehøgskule har laga.

Du treng QuickTime player for å spille av filmen. Den kan du laste ned gratis her.