Johanne Bøvra Skei og Tore Næss_1024x683

Elevar laga logo til skulen sin

Øye skule har fått seg eigen logo som skal brukast mellom anna på brevark frå skulen. Dei som har utforma den flotte logoen, er 7.-klassingane Johanne Bøvra Skei og Tore Næss. Etter at skulen frå i haust har arbeidd med å finn fram til både logo og slagord for skulen, fall valget til slutt på ein kombinasjon av begge. Johanne har teikna logoen, og Tore er hjarnen bak slagordet som i framtida blir å finne på brev frå skulen. Inspektør Marina Fiske håpar at den nye logoen etter kvart også skal bli bruka på T-skjorter og forskjellige andre artiklar.

Johanne Bøvra Skei og Tore Næss har til saman skapt den nye logoen til Øye skule. Foto: Norunn Holten

Øye skule ønskjer å vera ein inkluderande skule som tek synspunkta til elevane på alvor. Dei ønskjer også å skape fokus kring eigen identitet og merkevarebygging. Da det skulle lagast skulelogo, var det derfor naturleg at elevane var med både på utforming og val av alternativ. Om hausten kvart skuleår blir det på Øye skule arrangert miljøveke. I år vart det jobba med logoar og slagord, og målet var som sagt å laga ein eigen logo og eit eige slagord for skulen. Elevane fekk først arbeide i kvar sine klassar, og sidan vart forslaga innsamla og hengt opp på veggen slik at alle fekk sjå dei. Etter at elevane hadde fått stemt over forslaga, var det nokre som merka seg ut. Spesielt lika dei forslaga til Johanne og Tore. Da elevrådet skulle ta endeleg avgjerd i saka, fekk dei ei vanskeleg nøtt å knekkje, men dei landa til slutt på løysinga å  kombinere logo og slagord i det som skal bli den nye logoen til skulen. Det var teikninga til Johanne og slagordet til Tore som til saman vart den perfekte  logoen for skulen, meinte elevrådet. I etterkant har logoen vore innom Anita Nerdal Øyane, som har hjelpt skulen med å digitalisere den. Dermed kan den leggjast inn på til dømes brevark på same måte som logoen til Surnadal kommune. Logoen til kommunen vil da bli å finne i venstre hjørnet på toppen av arket, skulelogoen i det høgre. Inspektør Marina Fiske ser for seg at logoen også vil kunne brukast til T-skjorter og forskjellige andre artiklar etter kvart, og det er jo slett ikkje noko dårleg merke å sette etter seg for dei to elevane som frå neste haust ikkje lenger blir å finne ved skulen.