
Elevar med flott konsert
Elevane frå Bøfjorden og Bæverfjord imponerte med flott song på konserten. Alle foto:Norunn Holten
Det var Kulturskulen for indre Nordmøre som tok initiativ til konserten ved Bæverfjord oppvekstsenter fredag formiddag. Rektor Inger Anne Aune fortalte at dei likevel tykte det var dumt å halde konsert utan eit publikum. Dermed laga elevane invitasjonar som dei tok med seg heim. Slik vart det eit stort publikum å synge for! Skulen benytta også konserten til å vise fram produkt som elevane har laga i kunst- og handverkstimane. Mellom anna var det mange fine smykke å sja. Elevane i 7. klasse hadde baka sjokolade- og gulrotkake til kaffepausen på konserten, og bake kunne dei, ingen tvil om det, for kakene gjekk unna! I samband med den såkalla energikampen er det også arbeidd med ballong- og musefellebilar ved skulen den siste tida. No fekk ungane anledning til å gjennomføre også bilkonkurransane framfor eit publikum. Dette skjedde etter at nokre av elevane hadde forklart prinsippa bak desse biltypane for publikum.
Det er ein dyktig gjeng med elevar som går i Bæverfjord og Bøfjorden for tida. Dei kan litt av kvart, fekk dei frammøtte på konserten ved Bæverfjord oppvekstsenter sjå! I tillegg til at publikum fekk sjå produkta dei hadde laga, hadde dei også eit veldig variert songreportuar. Dei song barnesongar som "Puppan til pappa" og "Tyrannosaurusr Rex", men også den velkjente klassikaren "Summertime", "Sommerfugl i vinterland" og den sør-afrikanske voggesongen "Tula Tu"!
Det var stor spennvidde i repertuaret til elevane, og innsatsen upåklageleg!
"Stopp, ikke mobb! Dette her er kameraten min!"
7. klasse hadde baka sjokolade- og gulrotkake til kaffapausen. Nam-nam!
Over: Benjamin Skålvik Rønning og Markus Aase vann ballongbil-konkurransen. Dei hadde vore så lure å bruke to ballongar, og bilen deira køyrte heile 9,50 meter!
Til venstre: Også to luringar! Gunn Astrid Hove og Mira Bævre fortalte korleis ein laga ballong-bilar og fekk dei til å gå.
6. klasse hadde laga musefellebilar. Her er dei klare til start!