
Elevar mot mobbing
Dyktige elevar frå fjerde trinn ved Øye skule som alle bidro på Zerosamlinga måndag. Alle foto: Norunn Holten
Det var elevane på fjerde trinn som stod for underhaldninga på Zerosamlinga Trollheimsporten besøkte måndag formiddag. Dei dansa, song, las ulike tekstar for publikum og instruerte til og med medelevane i dans. Her var ingenting tatt på sparket; det var tydeleg! Ikkje minst må vi seie oss imponert over elevane som hadde instruert medelevane sine i dansen "Glow". Å få alle elevar på eit alderstrinn med seg på ein såpass krevande dans, er alt anna enn enkelt. Derfor: All heider både til unge danselærarar og lærevillige medelevar!
Elevane sørga for all underhaldning på samlinga med eitt, lite unntak. Rektor Odd Arild Sande hadde ordet ei kort stund for minne om kvifor skulen har desse samlingane, og gjekk særleg inn på dei to første punkta i ordensreglane for skulen: For det første at alle skal ta ansvar og vise omsyn og respekt for kvarande, og at konfliktar skal løysast ved at ein snakkar saman. Den andre regelen er at ingen skal bli erta eller plaga, verken på skulen eller skulevegen. Dette var tydelegvis kjent stoff for elevane, like eins kva reaksjonar brot på reglane kan få. Alle visste også godt kva "Zero" betyr. Zero betyr som kjent "null", og målet for skulen er derfor null toleranse for mobbing.
Tredje, fjerde og femte trinn brukar å vera saman på alle Zerosamlingar. Det blir halde såpass mange slike samlingar at alle trinn får opptre eit par gonger i løpet av eit år. Eit liknande opplegg blir også gjennomført for dei andre trinna ved skulen.
Heile trinnet dansar "Glow" for publikum.
Ulike tekstar vart lesne opp for eit eksemplarisk publikum.
Liv i ein full gymsal når fjerde trinn får tredje og femte med på dans.
Fjerde trinn, her med ryggen til, viser medelevar og lærarar korleis det skal gjerast: ikkje så lett som det ser ut som!