Flomål 1

Elva sin song - Flomål

Perikom, denne gongen med berre Karstein Mauset og Jo Ranheim av den tidlegare gruppa, kom med plata «Flomål» tidlegare i desember. Alle melodiane er laga av Karstein Mauset.

Tekstene på plata «Flomål» er av Astrid Krog Halse, Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Sivert Mauset. 

Medvirkende_690x837.jpg

Ovafor ser du oversikt over dei som medverkar på plata, mesta berre lokale folk her.

Melodiane er lette og viseprega og kler tekstene godt.  Det må bli ei lyrisk plate med tekster frå så gode lyrikarar. Det har Mauset klart med melodiane sine. Og Karstein Mauset ber fram tekstene svært godt og tydeleg, til tider inderleg. Her er det tekster som skal lyttast til.

Fiolinen er med på å gjere at somme låter får folkevisepreg, andre nærare folkrock.

Plata har 11 spor, og fleire hører til ved elva, slik tittelsporet Flomål gjer. Det er ei kjærleikshelsing frå Hans Hyldbakk til heimstaden og til elva, slik diktet Elva også er.

Mjukast og varast blir Bøn frå Hans Hyldbakk når ein hører den seint om kvelden som siste spor på plata. Støttande og beskrivande tonefølgje av Henning Sommerro på flygel gjer ein fin finale.

Plata kan kjøpast på Bunnpris og Coop Elektro i Rindal, og Coop Elektro, Kitch`n og Expert i Surnadal. Folk kan også ta kontakt med Karstein Mauset direkte hvis dei vil ha plata.

Karstein Mauset og Magne Løset. F-OleT_690x457.jpg

Klikk her og les kva Trollheimsporten skreiv om platelanseringa tidlegare.

Perikom er medlem av Trollheimsporten.

OleT