Elvis swinga Rindalingane
Over 150 rindalingar og nabobygdingar sikra seg ei rik musikkoppleving i Rindalskjerka fredag kveld. - Eg er stolt på vegne av rindalingane, sa ordføraren etter konserten.
Da hadde vi fått ein stor times konsert med frisk musikk; gospel, pop og country.
Alle deltakarane var frå Rindal, og Lene prest batt det heile saman.
Programmet toppa seg mot slutten da Jon «Elvis» Gåsvatn i kvit Elvisdress entra podiet og framførte si avdeling med Elvissongar! Der fekk vi høre både Don't Be Cruel, Blue Suede Shoes og Can't Help Falling In Love With you!
Lene prest introduserte husbonden Jon «Elvis» med glede, sa ho. Det hadde vore ein fryd å høre på øvingane hans « - og eg tok til meg kvart eit ord,» sa ho. Og Jon «Elvis» gjorde songjobben flott, og folket var med, men hoftesvingen kan han forsterke!
Først i konserten framførte Kor Gøttj dirigert av Dagrun Halsetrønning,trygt og stødig akkompagnert av Daniel Bjørlo, tangent og Håkon Fredriksen, bass, låtene Long December Night og Hallelujah. Fin framføring og flott balanse i lyden.
Karstein Mauset og Håkon Fredriksen hadde ei nydeleg avdeling med Karsteins tonesetting til lokale tekster. Vart og fint framført. Tre nummer vart for lite.
Så auka trøkket: Oldtimers med brørne Landsem og Lillegård inntok scena. Både Lars, Ingebrigt og Magne song, medan Einar hadde soloen sin på gitaren i Shadowslåten Theme For Young Lovers. Lars si framføring av Kris Kristoffersens Sunday Morning var nok den som hadde størst spennvidde i seg, frå bakrus til søndagsstemning.
Så kom avdelinga der «Elvis» vart akkompagnert av Oldtimers
Dette var første konserten etter at det er blåst liv i arrangementskomitéen for Arena:Kirke, en komité som var aktiv i 2007 i samband med at Rindal kommune og Rindal sokn fylte 150 år. No er målet fleire nye arrangement i kirka i 2014, og komitéen håper at folk sluttar like godt opp omkring dei seinare konsertane.
Nedafor ser du nokre fleire bilde som du ser større ved å klikke på dei!