Enda ein gong
Høttrindaling og tidlegare radiomann Helge Gudmundsen var talar for 19. gong på juletrefest i Lomundsjø bedehus fredag kveld. Han hadde orda "Enda ein gong" som tema for talen sin.
Den tradisjonelle juletrefesten på Lomundsjø bedehus første fredagen i det nye året har altså hatt Helge Gudmundsen (over) som talar 19 gonger. Ideen til talen fekk han under opninga av juldagsgudstenesta i Nidarosdomen. Domprost Jebsen helsa velkommen med orda «Enda en gong...». Det var jul «Enda ein gong.»
- Vi blir aldri ferdig med jul, sa Gudmundsen, - vi blir aldri ferdig med Jesus heller, la han til.
Domprosten tok også fram ordet «respekt.» Det betyr «sjå ein gong til.»
Jesus viste «respekt» for folka han møtte, sa Gudmundsen. Han såg menneska. Jesus var eit forbilde for oss også der.
Musikkrefter var Lars Gåsvatn jr på saksofon og dei syngande Fagerli-karane frå Orkdal, 9 mann + 1, som dei sa, for dei hadde hjelp av ei Fagerli-dame som gav dei elegant tonefølgje på piano.
Orkdalingane framførte fyldig mannskorsong frå negro spirituals til julesongar og en song skriven av Leonard Gudmundsen, far til Helge.
Sjølvsagt var det både utlodning (basarbord) og rikelig servering!
Songprogrammet til Fagerli-karane vart toppa av eit sjeldant arrangement av negro spiritualen «Go Down Moses.» Den satt i veggen!
Lars Gåsvatn framførte julesongar mjukt på saksofonen sin.
Ingmund Bakken leda festen på sin muntre måte, og Jan Sturla Jensvold leda songen rundt juletereet med trekkspelet sitt.
"- så knytter vi kjærlighets hellige bånd" - til neste julefest, lørdag kl.16.00 på Eidet bedehus og søndag kl.14.00 på Rindal Menighetshus!
4. januar 2019 er Helge Gudmundsen tinga til sin 20. juletrefest i Lomundsjø bedehus!