1500 koronavirus-tema SKAL KREDITERES Foto CDC, Alissa Eckert High resolution

Pressemelding:

Enda eit nytt smittetilfelle i Surnadal

19:09:2020: Det er påvist eit nytt smittetilfelle relatert til tidlegare påvist smitte i Surnadal

Kommuneoverlegen har i kveld fått melding om eit påvist smittetilfelle med covid-19  knytta til testing i regi av den pågåande smittesporinga.

Det er ein vaksen person i same krets som no har fått påvist smitte, så dette smittetilfellet påverkar ikkje smittesporinga. Dette er status pr. kl. 21:30. Alle testar er ikkje analyserte per no. Vi forstår at det er knytta spenning til utviklinga av den pågåande smittesituasjonen. Dersom vi får melding om fleire påviste smittetilfelle utover kvelden, vil vi komme med ei oppdatering i morgon formiddag og ei ny statusoppdatering om kvelden, søndag.


Med vennleg helsing

Kommuneoverlege Bjørn Buan

 

Foto: Alissa Eckert, CDC.